logo Sjukehusapoteka Vest

Brennkoppar

Brennkoppar er ein overflatisk bakterieinfeksjon i huda, vanlegvis forårsaka av stafylokokkar og streptokokkar.

​Det finst to typar brennkoppar

  • Vanlege brennkoppar dannar sår med gulaktige skorper som det renn væske frå.
  • Bulløse brennkoppar dannar væskefylte blemmer som rivnar og etterlet ei glatt, blank sårflate. Utslettet gir ein mild kløe som etter kvart blir dekt av lysebrune skorper.

Visste du at?

  • Brennkoppar rammar først og fremst barn under 12 år og er svært smittsame.
  • Sjukdommen smittar via sårvæske, og bakteriane kjem som regel inn i huda via små sår og rifter.
  • Tida frå ein blir smitta til sjukdommen bryt ut, er vanlegvis 4–10 dagar.
  • Brennkoppar rammar vanlegvis hudområde som ansikt, hovudbotn og hender.
  • Barnet kan gå i barnehage / på skulen når det er få sår og såra har tørka. Såret skal dekkast med plaster.
  • Ved antibiotikabehandling er smitterisikoen generelt liten etter eitt døgn med behandling.
  • Du bør kontakte lege dersom såret ikkje blir betre etter nokre dagar med sårstell (sjå ”Kva kan du gjere sjølv”) eller dersom såret spreier seg over eit stort område eller til fleire område på kroppen.

 

Kva kan du gjere sjølv?

  • Å ha god handhygiene.
  • Å sørge for god tildekking av brennkoppar.
  • Å ha separate klutar og handklede i familien.
    Ved utbrot bør såret bli behandla 2–3 gonger i døgnet
  • Vask såret med såpe og vatn eller sårreinsevæske. Laustsittande skorper blir fjerna forsiktig, mens fastsittande skorper ikkje skal rørast eller ”plukkast” på.
  • Legg på sårsalve.
  • Dekk med tørr kompress.

Personar som har behandla eller vore i kontakt med såret, bør vaske hendene grundig med såpe og vatn eller med desinfiserande middel kvar gong.

  • Mild såpe, f.eks. Lactacyd Klorhexidin

  • Brulidine krem Bacimycin salve

Kompress eller plaster med lukka kantar

  • Tegaderm + pad Norgesplaster vasstett plaster Mepore kompress

  • Antibac Pharma

 

Ta kontakt med lege om allmenntilstanden er dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.

Sist oppdatert 02.12.2016