logo Sjukehusapoteka Vest

Helse , miljø og tryggleik (HMT)

SAV ønskjer eit godt arbeidsmiljø, der du som motivert tilsett kan bruke ressursane dine fullt ut.

​Hovudoppgåve er å bidra til at SAV oppnår gode, og stadig betre, resultat. Du som tilsett er viktig for arbeidsmiljøet.

Vi skal sikre forsvarleg sjukehusapotekdrift som vernar om mennesker, miljø, samfunn og eigedelar.

  • SAV jobbar aktivt med medarbeidarskap og leiing
  • SAV har årleg felles fysisk aktivitet
  • SAV har Arbeidsmiljøutval på kvart sjukehusapotek og sentralt
  • SAV har eiga verneteneste som òg jobbar for å ha eit forsvarleg arbeidsmiljø
  • SAV har Bedriftshelseteneste (BHT) som gjev støtte i førebuande og systematisk HMT-arbeid
  • Verneombod og medlem i AMU får opplæring i arbeidstida frå BHT
  • SAV kartlegg status på HMT- og Ytre miljø-området årleg


Tiltak på HMT-området er del av SAVs Handlingsplan og vi rapporterer årleg på status.

SAV skal vere ein miljøbevisst organisasjon. Miljøpolitikken i SAV skal bidra til å sikre at drifta av sjukehusapoteka gjev minst mogleg uønska effektar på miljøet.

Du kan lese meir om miljøpolitikken vår her.​

Sist oppdatert 08.06.2022