Prinsipp for legemiddelberedskap
Prinsippa for legemiddelberedskap er baserte på ansvar, likskap, nærleik og samvirke. Alle relevante aktørar har ansvar for å sikre legemiddeltilgang ved forsyningssvikt eller auka etterspurnad.

Rullerande lager
Lageret baserer seg på eit prinsipp om rullering hos grossist. Når sjukehus/apotek kjøper varer frå grossist, blir lageret fylt opp med tilsvarande volum slik at beredskapsvoluma er konstant. Grossisten følgjer prinsippet om FEFO (First expired, first out) slik at varer med kortast haldbarheit alltid blir solgt først.

Haldbarheit
Når grossistar kjøper legemiddel til beredskap i spesialisthelsetenesta, skal haldbarheita vere minst 12 månader. Dette sikrar at legemidla kan brukast før dei går ut på dato. Om det ikkje finst legemiddel med så lang haldbarheit, kan B180 vurdere å kjøpe med kortare haldbarheit.
Når grossisten kjøper legemiddel til beredskap etter § 5, skal haldbarheita vere minst 6 månaders i tillegg til lagringstida. Viss haldbarheita er kortare, må grossisten sjølv vurdere om det likevel er forsvarleg å kjøpe det inn.
Nasjonalt legemiddelberedskapslager - Kva beredskapssituasjonar er lageret meint å dekkje?
Lageret er meint å styrkje den samla helseberedskapen og kome pasientar med behov for medisinsk behandling til gode om det oppstår mangel på legemiddel. Det består av eit utval legemiddel tilsvarsande inntil seks månader normalt forbruk i spesialisthelsetenesta og i primærhelsetenesta.
Ved skipinga av Nasjonalt legemiddelberedskapslager var det for å:
- Ha legemiddelberedskap på norsk jord
- Sikre kritiske legemiddel til pasientar
- Ved forsyningssvikt – «Kjøpe oss litt tid»
Frå 2021 har legemiddelberedskapslageret sin funksjon vorte utvida til å:
- Hjelp ved mangelsituasjonar
- Hjelp internasjonalt ved mangelsituasjonar og gjennom legemiddeldonasjonar
Ein må ha eit langsiktig perspektiv ved beredskapslager
Når det allereie er mangel på legemidler, bør vi ikkje kjøpe inn store volum til beredskap. Det kan gjere mangelsituasjonen verre. I staden for bør vi tenke langsiktig og bygge opp beredskapslagre når det er god tilgang på legemidler i distribusjonskjeden.
På den måten kan Norge bruke av sine egne beredskapslagre når det oppstår akutt mangel, i staden for å konkurrere med andre land om et begrensa volum av legemidlane som finnes på markedet. Da kan de landene som opplever mangel, få kjøpe det som er tilgjengeleg på markedet.