Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest
En gruppe kvinner i et rom

Møt tilsette

Sjukehusapoteka Vest har om lag 120 apotekteknikarar og 110 farmasøytar, i tillegg til tilsette i mange andre ulike rollar. Til saman utgjer vi det største farmasifaglege miljøet på Vestlandet, med sterkt aukande aktivitet.Lurer du på korleis det er å jobbe i Sjukehusapotek Vest? Her kan du bli kjent med nokre av våre tilsette, for å sjå korleis deira arbeidskvardag i dei ulike rollane deira. 

Thiet forsyner Haraldsplass med livsviktige medisinar

Thiet elskar å jobbe tett på sjukehusa og hjelpe deg med å få tak i viktige medisinar. - Eg kjenner at den jobben eg gjer er veldig viktig for pasientane. Eg kjenner eit ansvar, seier ho.
Les heile interjvuet med Thiet her
Thiet rydder i hyllene i apoteket på Haraldsplass

Eirik er handymannen i Stavanger

Eirik er alt-mogleg-mannen i Stavanger som fiksar alt frå ventilasjon til elektronikk. - Eg har ingen dagar som er like, seier karen, som har teneste som kjærleikspråk.
Les heile intervjuet med Eirik her
Eirik Svandal smiler til kamera mens en kollega jobber ved PCen i bakgrunnen

Sølvi rettleiar pasientar og sjukehustilsette i rett legemiddelbruk

Sølvi Søreide kom til Sjukehusapoteket i Haugesund etter å ha jobba fleire år i private apotek. - Eg ønska å jobbe i eit større fagleg miljø, ha fleire å spille på og samarbeide med dei som er tettast på pasientane. Og det får eg heilt klart i jobben min i dag, seier Søreide.
Les heile intervjuet med Sølvi her
Sølvi poserer foran produksjonslokalene i Sjukehusapoteka Vest
Sist oppdatert 27.04.2023