logo

Nytt beredskapslager er som eit skylager for legemiddel

Viss du tror at beredskapslageret for legemiddel er ein stor fuktig hall, dypt inne i fjellet full av nedstøva legemiddel som har gått ut på dato, tar du skammeleg feil. 

Publisert 10.12.2021
Sist oppdatert 05.01.2023
Bilde av lagerhyller i et stort lager. En truck kommer kjørende i enden av lagerhyllene.

​Denne artikkelen var først publisert på Farmatid.no

Ein stad på det sentrale austlandet, i ytterkanten av eit stort industrifelt nær motorvegen, med luftig utsikt over lave kollar, dekka av furuskog, har Allance Healthcare lager. Blant paller med legemiddel dei oppbevarer for diverse produsentar ligg óg halvparten av beredskapslegemidla til norske sjukehus. Dei er ein del av det nyoppretta beredskapslageret for legemiddel, kalt B180. 

Skulle ein katastrofe inntreffe, skal Noreg til ein kvar tid ha eit lager av dei viktigaste legemidla for spesialist- og primærhelsetenesta, stort nok til å vare i seks månader. Eller meir spesifikt i 180 dagar. 

Tradisjonell beredskapslagre for legemiddel har gjerne vore ferdig pakka materiell til Forsvaret, lagra i store lagerbygg eller mørke hallar dypt inne i fjeller, kor pallar med legemiddel står stabla og sakte, men sikkert går ut på dato. Slike lagre er det slutt på, men det finst framleis nokre statiske lagre igjen. Lageret med Tamiflu, innkjøpt i samband med svineinfluensa i 2009, har gått ut på dato, men blir jamleg testa og godkjent for vidare lagring. I starten av koronapandemien blei det gjort eit stort naudkjøp av viktig legemiddel, spesielt intensivlegemiddel, og dei står mer eller mindre statisk og venter på at dei trengs. 

Klikk her for å lese resten av saka. ​