Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Lanserer plan med ti tiltak for å auke pasienttryggleiken på legemiddelområdet

Målet er å redde liv og unngå alvorlege skader som følgje av legemiddelbehandling på sjukehusa i Helse Vest. Og Sjukehusapoteka Vest har ei sentral rolle i arbeidet med kortnamnet ROMLE.

Publisert 28.09.2022
Sist oppdatert 05.01.2023
Legemiddel er ein vesentleg del av pasientbehandlinga. Samtidig er det faktoren som går att oftast i pasientskader og uønska hendingar i sjukehusa. Nokre gongar dessverre med alvorleg utfall for pasienten og til stor påkjenning for pårørande og involverte.

- Difor er legemiddel løfta fram som eitt av områda der Helse Vest ønskjer betre styring av risikoen, seier prosjektleiar for ROMLE, farmasøyt Tonje Folkvang, som har permisjon frå jobben som apotekar på Sjukehusapoteket i Stavanger for å jobbe berre med ROMLE.

Sjå og høyr Tonje forklare meir om ROMLE-arbeidet og bakgrunnen for det. (Teksten held fram under videoen.)
 


Prioriterer områda med størst far​e for stor skade 

​ROMLE står for risikoområde legemiddel og er eit regionalt arbeid med alle helseføretaka i  Helse Vest involverte. 

-I ROMLE-arbeidet er det brei semje om å prioritere områda der det er størst fare for stor skade, og pasientgrupper og legemiddel som er forbundne med størst risiko. 


Godt i gang 

Ansvaret for å følgje opp tiltaka er delt mellom føretaka og eit regionalt koordineringsteam.   

Og arbeidet med tiltaka er allereie godt i gang, ifølgje Tonje, som kjem med eit par døme. 

 - Eit av dei er å utvikle eit læringsspel der utrekning og fortynning blir simulert. Eit anna er å etablere ein regional beste praksis for legemiddelsamstemming.