Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Ny styreleiar i Sjukehusapoteka Vest

Helge Torgersen er ny styreleiar i Sjukehusapoteka Vest HF etter føretaksmøte med Helse Vest RHF 27. mars 2023.

Publisert 27.03.2023
En mann med briller
Av Helse Vest

Helge Torgersen er styreleiar frå og med føretaksmøtet 27. mars. Han tar over etter Trude Marit Risnes, som har vore styreleiar i Sjukehusapoteka Vest HF sidan 2017, og no ønskjer å tre av.

- Eg har gitt styret i Helse Vest RHF melding om at eg ønskjer å bli avløyst. Eg er stolt av
medarbeidarane i Sjukehusapoteka Vest sitt bidrag til å levere gode helsetenester. Det er ikkje med lett hjarte eg går av, men arbeidsmengda eg har hatt som styreleiar dei siste vekene let seg ikkje kombinere med andre forpliktingar eg har, blant anna hos hovudarbeidsgivaren min, seier Risnes.

Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF, takkar Trude Marit Risnes for innsatsen ho har lagt ned i rolla ho har hatt i fleire år.

- Samtidig har eg full respekt for at ho no vel å trekkje seg. Så er eg glad Helge Torgersen har takka ja til å ta over denne oppgåva. Han kjenner spesialisthelsetenesta særs godt og går inn i arbeidet som styreleiar med solid erfaring, som vil vere nyttig for sjukehusapoteka våre framover. 

Torgersen (68) er i dag rådgivar, og er tidlegare partnar og direktør i Deloitte. Her har han hatt eit særleg ansvar for helse og offentleg sektor. Han har lang erfaring frå å leie ulike oppdrag for alle dei regionale helseføretaka, dei fleste helseføretaka i landet, direktorat og departement. 

Torgersen er utdanna anestesilege og bedriftsøkonom. Han har hatt klinisk praksis som overlege ved svenske og norske sjukehus og har vore administrerande direktør ved Lovisenberg Diakonale Sjukehus, i tillegg til å ha styreerfaring, mellom anna som styreleiar i Lovisenberg Sykehusapotek.