Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Plutselig vanskelig å prate, smile eller løfte armane? Ring 113!

Har du mistanke om hjerneslag skal du ringe 113 med ein gong. Kjenner du til symptoma kan du redde liv.

Publisert 11.04.2018
Sist oppdatert 05.01.2023
Syklist med hjelm som løfter armene og smiler.

Har du mistanke om hjerneslag skal du ringe 113 med ein gong. Kjenner du til symptoma kan du redde liv.

Hjerneslag oppstår plutselig og kor som helst, og kvart år får rundt 12 000 personar hjerneslag berre i Norge. Alle kan hamne i ein situasjon der det er avgjerande å kjenne att symptoma på hjerneslag og veit kva du skal gjere.

Om nokon plutseleg får problem med å prate tydelig, smile eller løfte armane over hovudet, må du ringe 113 så fort som mulig.

Erfaringar frå Noreg og utlandet viser at pasientane sjølve eller pårørande ofte er det forsinkande leddet i behandlinga av hjerneslag. Dei kjenner ikkje att symptoma og venter for lenge med å kontakte helsetenesta.

Kvart sekund teller

Om den slagramma kommer raskt til vurdering og behandling i sjukehus er sjansen større for å unngå varige skadar.

Det er grunn til å tro at mange ventar med å ringe 113 fordi dei er usikre på om symptoma er alvorlege nok eller dei er redde for å vere til bry.

Kvart sekund tel ved hjerneslag. Ikkje ver redd for å ringe 113 om du er i tvil – det er jobben deira å vurdere situasjonen din. Ring heller 113 ein gong for mykje enn ein for lite.

Lær deg symptoma – redd liv!

I Helse Vest jobbar vi for at innbyggjarane på vestlandet skal kjenne til symptoma på hjerneslag og vite at dei skal ringe 113 med ein gong ved mistanke. Derfor har vi jamlege informasjonskampanjar for å minne om det viktige bodskapet. I perioden 9. april til 29. april setter vi temaet på dagsorden igjen. Denne gang i sosiale medier.

Vi håper du vil vere med å spreie det viktige bodskapet og hjelpe oss med å redde liv.

Fakta om hjerneslag

I Noreg får rundt 12 000 hjerneslag kvart år. Sjukdommen er den tredje hyppigaste dødsårsaka i landet, og den vanlegaste årsaken til alvorleg funksjonshemming og langvarig institusjonsomsorg. 

  • Hjerneslag oppstår plutselig på grunn av blodpropp eller bløding i hjernen.
  • Hjerneslag kan ramme både ung og gammal. Risikoen aukar betydeleg med alderen, og gjennomsnittsalder for førstegongs hjerneslag er 75 år for menn, og 78 år for kvinner. Tre av fire som får hjerneslag er over 70 år.
  • Problem med å prate tydeleg, smile eller løfte armane over hovudet er vanlege symptom.
  • Prognosen betras når hjerneslagpasientane kommer tidleg til behandling, og kan få behandling med blodproppoppløysande middel eller mekanisk fjerning av proppen. To millionar hjerneceller døyr kvart minutt dei første timane etter eit hjerneslag.

Lenke til helsenorge.no/hjerneslag