Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Slik jobbar vi med miljø

I den fjerde rapporten om samfunnsansvar i helseføretaka kan du lese om korleis vi jobbar med miljø her i Sjukehusapoteka Vest. Rapporten omfattar alle helseføretak i landet og dei felleseigde selskapa. 

Publisert 08.08.2022
Sjå videoen under, kor kvalitetsleiar, Linda Mentzoni forklarar innhaldet i rapporten. 


Innhaldet i rapporten omhandlar klima og miljø, menneskerrettar og arbeidstakars rettar, i tillegg til antikorrupsjon. I rapporten kan du mellom anna lese meir om rammeverk for miljø og berekraft i spesialisthelsetenesta, oppdatert miljøpolicy i sjukehusinnkjøp og strenge miljøkrav i ny PC-anskaffing. 

Året 2021 vart naturlegvis påverka av Covid 19-pandemien, som satte sitt preg på heile landet. Pandemien har vore ei stor utfordring for mange, men har mellom anna slått positivt ut på klima og miljø-rekneskapet, sidan det blei gjort mindre flyreisar enn vanleg. 

Les heile rapporten om samfunnsansvar for 2021 her.