Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Thiet forsyner Haraldsplass med livsviktige medisinar

Thiet elskar å jobbe tett på sjukehusa og hjelpe deg med å få tak i viktige medisinar. - Eg kjenner at den jobben eg gjer er veldig viktig for pasientane. Eg kjenner eit ansvar, seier ho.  

Publisert 27.04.2023
Thiet Dang poserer foran apoteket på Haraldsplass
Då Sjukehusapoteka Vest skulle starte nytt apotek på Haraldsplass hausten 2021 var det fleire stillingar som blei lyst ut. Bak kassen i Ditt Apotek på Os Amfi stod Thiet og var klar for nye utfordringar.  

- Eg hugsar eg tenkte «Oi, nytt apotek og i tillegg eit sjukehusapotek. Det høyrast spennande ut», fortel ho.
  
- Tankane mine gjekk til apoteket på Haukeland og kor mykje spennande dei driv med der. Folk snakka mykje om apoteket på Haukeland då eg gjekk på apotekteknikarlinja.  

Etter å ha jobba både i primærapotek og eit sjukehusapotek, er ikkje Thiet i tvil om kva ho føretrekk.  

- Ein kjem nærmare pasientane i eit sjukehusapotek enn kva ein gjer i dei private apoteka. I dei private apoteka handlar det meir om sal og kampanjar, seier Thiet. 

Thiet fyller på med varer i apoteket
 

Pendlande stjerneelev  

Thiet var berre 22 år gamal, og relativt nyutdanna då ho søkte jobb ved Sjukehusapoteket på Haraldsplass. Likevel hadde ho fått godt med arbeidserfaring frå private apotek etter å ha jobba ved Apotek 1 på Flåten, Vitusapotek Irisgården og til slutt Ditt Apotek på Amfi Os.  

- Eg var ganske lei skulen og treivst ikkje så mykje på ungdomsskulen. Så då eg skulle begynne på vidaregåande ville eg kjapt ut i jobb. Eg hadde tanter og onklar som var apotekteknikarar og som anbefalte meg å prøve meg på det, dersom eg likte å jobbe med menneske.  

- Eg fekk praksis der dei jobba, noko som hjelpte meg mykje på vegen. Det ga meg mykje ekstra motivasjon.  

Thiet har vakse opp på Os og pendla til skulen i Åsane dei to åra medan ho gjekk på helse og service ved Åsane Vidaregåande skule. 

- Eg kunne bruke opp mot to timar kvar veg. Heldigvis er det mykje betre no med den nye tunnelen, seier 24-åringen, som framleis bur på Os.  

På vidaregåande i Åsane fann skuleleie Thiet seg meir til rette og blei etter kvart ein stjerneelev. 
 
- Eg treivst godt på skulen dei to åra eg gjekk på apotekteknikarlinja. Dei to åra gjekk veldig fort og eg likte lærarane.  

- Eg jobba som ekstrahjelp på apotek på fritida, så eg lærte mykje der som eg tok med meg på skulen. Eg kunne mykje og ofte var det eg som lærte vekk ting til lærarane. Dei hadde kanskje jobba som farmasøyt i eit apotek for mange år sidan, men mykje hadde jo forandra seg sidan den gongen, seier Thiet.  

Meistringskjensla som ho kjente på vidaregåande har ho med seg i jobben på Haraldsplass.  

- Eg følar at kollegane mine stolar på den kunnskapen eg sit med. Dei viser meg stor tillit og kjem ofte til meg med spørsmål. Eg kjenner at den jobben eg gjer er veldig viktig for pasientane. Eg kjenner eit ansvar. Eg kan liksom ikkje gå heim dersom eg nettopp har fått inn ei hastebestilling, seier ho.  

Thiet smiler til kamera mens hun rydder i hyllene med kosttilskudd

Nytt apotek – ny rolle

Sidan Thiet berre har ein fortid frå primærapotek hadde ho aldri jobba med nokre anna enn sal over disk. På Haraldsplass har ho fått prøve seg i ei ny rolle i sjukehusekspedisjonen, kor ein pakkar og leverer medisinar til sjukehuset.   

- Eg ser kor mykje dei ulike avdelingane set pris på at vi leverer og skaffar medisinar til den tida dei treng det.  

Haraldsplass er eit av Noregs mest moderne og framoverlente sjukehus, og der har dei no fått ni såkalla apotekstyrte legemiddelrom, som Thiet og kollegaene hennar må halde fulle av medisinar som avdelingane treng.  

- Der kjem eg i kontakt med sjukepleiarane. Dei spør mange medisinske spørsmål og du får ein kjensle av at dei stolar på den kunnskapen som eg sit med.  

Haraldsplass er det desidert minste sjukehusapoteket i SAV, med seks tilsette, i tillegg til ein student i praksis og sjølvsagt apotekar, Kassim Adan. Det at apoteket har så få tilsette betyr at Thiet stadig får prøve seg i nye roller.  

- Sidan vi er så få er vi kjenner vi det godt dersom nokon er vekke. På Haukeland har dei folk i meir dedikerte roller, medan vi må tene mange ulike funksjonar. Viss vi skulle få noko sjukdom er vi andre nøydd til å kunne steppe inn i ei anna rolle.  

Thiet gjer klar kassar som skal sendast ut til avdelingane på sjukehuset.