Hopp til innhold
logo

Alt om resept

Alle typar reseptar kan hentast ut i sjukehusapoteka våre. Pris er avhengig av kva type resept du har fått og kva regler for refusjon som gjeld.

Bestill klargjering av e-resept

Mine resepter på Helsenorge.no


Medisin på kvit resept blir i dei fleste tilfelle betalt av pasienten sjølv.

Nokre medisinar på kvit resept blir dekt gjennom bidragsordninga. Ta kontakt med ditt lokale sjukehusapotek for meir informasjon.

Meir informasjon om kvit resept og bidragsordninga på helsenorge.no.

Medisinar på blå resept blir skrivne ut til pasientar som har behov for langvarig behandling (over 3 månader). Du får som hovudregel utlevert medisinar for inntil tre månader og betaler eigendel. Ta kontakt med det ditt lokale sjukehusapotek for meir informasjon.

Kjekt å vite om vedtak frå HELFO

Har du fått vedtak frå HELFO? Kvar gong du oppsøker eit nytt apotek må du ta med papirversjonen din for registrering. 

Meir informasjon om blå resept på helsenorge.no.

H-reseptar (Helseføretak-reseptar) er reseptar på medisinar som blir betalt av spesialisthelsetenesta. Om du får medisinar på H-resept slepp du å betale eigendel for desse.

Ein E-resept er ein elektronisk resept frå legen som du får i staden for papirresept. For å få utlevert medisinar på e-resept må du legitimere deg. For å få utlevert medisinar på e-resept må du legitimere deg. 

Sjå e-reseptane dine på helsenorge.no.

Meir informasjon om refusjonsordningane finn du på: 

Skal du hente ut medisin på resept for andre må du ha med ferdig utfylt fullmaktsskjema, samt legitimasjon for deg sjølv og den som skal ha medisinen.

Last ned fullmaktsskjema (PDF)

Ansvaret for frikortordninga ligg hos Helseøkonomiforvaltningen (HELFO). Meir informasjon finn du på www.helfo.no

Kjekt å vite om eigendel: 

  • Eigendelen i 2016 er 2185,- norske kroner
  • Tek du ut medisin, overstig ikkje eigendelen 520,- kroner per utlevering for tre månaders forbruk

Har du liste over medisinane dine? Både apotek og lege må vite kva medisinar du bruker. Be fastlegen din om å skrive ut ei medisinliste for deg og sørg for at du har den med deg.

Sjå Pasientsikkerhetsprogrammet

Enkelt for pasientane å hente medisinen sin

Sidan lanseringen i april har nyttar dei fleste pasientane Sjukehusapoteket Vest sin nettbaserte løysning for å bestille klargjering av reseptmedisin.

Pasientane ved er dagkirurgisk eining i Haugesund er godt nøgt med ordninga. Dei får som regel ei tekstmelding mens dei sit på postoperativ om at medisinane vert gjort klar.
Les meir
En person som sitter ved et skrivebord
Sist oppdatert 04.04.2022
Fann du det du leita etter?