Den femte barnesjukdommen
Den femte barnesjukdommen er ein infeksjonssjukdom som skuldast eit virus (parvovirus B19). Sjukdommen oppstår oftast hos barn i førskulealder, men personar i alle aldrar kan få sjukdommen.
Sjukdommen blir spreidd ved dropesmitte, f.eks. ved hoste eller dersom ein deler kopp/glas eller liknande. Tida frå ein blir smitta til sjukdommen bryt ut (inkubasjonstid) er 5–20 dagar. Sjukdommen er smittsam i veka før utslettet kjem.Symptoma er som regel milde og kjem i to fasar. Første fase startar ca. 1 veke etter smitte og varer i 2–3 dagar.
Symptom
Symptoma er hovudverk, lett feber, sår hals, kløe, hoste, magesmerter og/eller leddsmerter. Deretter kjem gjerne ein sjukdomsfri periode på 7–10 dagar, før fasen med det typiske utslettet startar:
- Raudt utslett i kinna og bleik hud rundt munnen. Enkelte har lett feber i tillegg.
- Småprikkete utslett på skuldrer, øvst på armane, kroppen og nokre gonger på låra.
- Utslettet varer i 1–4 dagar.
- Utsletta kan kome og gå i veker, nokre gonger månader. Det kan f.eks. kome ved fysisk aktivitet, irritasjon av huda eller ved varme bad eller sollys.
Visste du at?
- Sjukdommen skuldast eit virus, og antibiotika hjelper derfor ikkje.
- Det er vanskeleg å unngå smitte, sidan smitte som regel skjer før utslettet bryt ut.
- Utslettet startar som raudfarge i kinna, noko som har gitt sjukdommen namnet ”øyrefiksjukdom”.
- Ein person med utslett har ofte ikkje lenger viruset i kroppen og er ikkje smittefarleg. Barn kan gå i barnehagen eller på skulen når dei er feberfrie, sjølv om dei har utslett.
- Dersom du er gravid og mistenker at du er smitta, bør du kontakte lege.
- Cirka halvparten av alle vaksne har hatt den femte barnesjukdommen. Enkelte har vore smitta av viruset utan å ha hatt symptom på sjukdommen.
Kva kan du gjere sjølv?
Sjukdommen gir som regel milde plager og går over av seg sjølv. Under sjukdommen har ein lett nedsett motstandskraft. Unngå å fryse eller på annan måte auke risikoen for annan sjukdom. Gi lindrande behandling i form av nasedropar/spray og eventuelt febernedsettande medisin. Kløstillande behandling kan vere nødvendig. Det er viktig å drikke mykje.
Kontakt lege dersom barnet er under 3 månader og har feber.
Apoteket anbefaler
Febernedsettande legemiddel til barn:
Ein bør ikkje gi medisin med paracetamol og ibuprofen oftare enn 3–4 gonger i døgnet (avhengig av alder), og doseringa skal ikkje overskridast.
Les meir: Gode råd når barnet ditt har feber, Apotekforeningen.
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.