Hovudverk
Det er mange årsaker til hovudverk, f.eks. stress, spente eller strekte musklar, forkjøling, influensa, synsfeil eller migrene.
Hovudverk er i dei aller fleste tilfelle ufarleg. I sjeldnare tilfelle kan hovudverk vere forårsaka av ein meir alvorleg tilstand. Det er derfor viktig å ikkje ignorere uforklarleg hovudverk eller hovudverk som stadig blir forverra.
Visste du at?
- 8 av 10 nordmenn har hatt hovudverk i løpet av det siste året.
- Det finst mange typar hovudverk; spenningshovudverk og migrene er to vanlege typar.
- Regelmessig søvn, bra kosthald og regelmessig fysisk aktivitet kan førebygge enkelte typar hovudverk.
- Uregelmessig søvnmønster kan gi hovudverk.
- Dehydrering kan gi hovudverk. Det er viktig å hugse på å drikke når det er varmt og når ein sveittar mykje.
- Overforbruk av blant anna smertestillande legemiddel kan gi hovudverk i seg sjølv. Dette er den vanlegaste årsaka til kronisk hovudverk.
- Hovudverk saman med tjukt gulgrønt snørr kan vere teikn på biholebetennelse.
Kva kan du gjere sjølv?
- Ein kald klut på panna og kvile kan hjelpe.
- Dersom du er ofte plaga av hovudverk, er det lurt å føre ein hovudverkkalender for å finne ut om det er eit mønster. På denne måten er det lettare å påverke årsaka til hovudpina og kanskje unngå dette.
- Er årsaka til hovudpina spente musklar, kan massasje, avslappingsøvingar og ev. lettare fysisk aktivitet vere bra.
- Paracetamol er førstevalet ved behandling av kortvarige lette til moderate smerter.
Apoteket anbefaler
Reseptfrie legemiddel ved hovudverk:
Sist oppdatert 11.04.2017