Reiseapotek
Skal du ut å reise? Her finn du ei oversikt på kva som kan vere lurt å ha med når du skal på reise, i Norge og utanlands.
Heime er det lurt å ha eit medisinskap som inneheld nokon basisprodukt. Desse er og grunnpakken for kva eit reiseapotek bør innehalde:
- Smertestillande og febernedsettande middel
- Førstehjelpsskrin (plaster, medel til reingjering av sår, teip for å lukke sår, kompressar, bandasjer, saks og pinsett)
- Desinfiserande serviettar eller handvask
- Febertermometer og hygieneovertrekk
- Kløestillande/lokalbedøvande krem
- Nasedråper/-spray
Ved sesong:
- Myggmiddel og flåttfjernar
- Solkrem
- Aloe vera gel og aftersun
I oversikten under finner du tips til kva produkt frå apoteket som er lurt å ha med seg på ulike reiser, i tillegg til grunnpakken over:
Reise med medisinar
Om du går på faste medisinar, hugs å hente ut medisinane på resept før du skal reise og sørg for at du har tilstrekkeleg med på reisa. Ved reiser utomlands, hugs at medisinane må oppbevarast i original emballasje, grunna eventuell kontroll i tollen.
Sist oppdatert 02.07.2021