Etikk

Alle føretaka Helse Vest er avhengig av tillit og eit positivt omdømme for å kunne yte den gode helsetenesta vi ønskjer å tilby. Etisk kvalitet på tenesteyting og forvalting er ein føresetnad for denne tilliten.

Derfor er det nedfelt generelle retningslinjer innanfor dei ulike fagområda for at alle medarbeidarar skal vere medvitne dette. Retningslinjene er i hovudsak generelle, ikkje detaljerte reglar, noko som utfordrar kvar medarbeidar til sjølv å reflektere over etiske spørsmål.

Retningslinjer, regelverk og samarbeidsavtalar har sitt utspring i allmenne etiske verdiar og normer som for eksempel rettferd, lojalitet, ærlegdom og at ein alltid skal behandle andre slik ein ønskjer å bli behandla sjølv.
Helsetenesta har ansvar for å vareta grunnleggjande etikk og moral i velferdsstaten, i tillegg til å forvalte fellesskapets ressursar.

Alle medarbeidarar skal følgje gjeldande lovar, reglar og retningslinjer. Alle har plikt til å gjere seg kjende med og å følgje lovar, reglar og retningslinjer som regulerer arbeidskvardagen.

Lovar, instruksar og reglar kan ikkje åleine sikre høg etisk standard. Medarbeidarane må sjølve setje standarden ved å reflektere over eigne val og handlingar. Dette betyr at kvar enkelt medarbeidar kritisk må vurdere eigne interesser i møte med etiske konfliktsituasjonar.

Kvar og ein av oss har ansvar for at Sjukehusapoteket lever opp til sitt verdigrunnlag.

  • Våre etiske retningslinjer omhandlar:Habilitet
  • Lojalitet
  • Teieplikt
  • Bierverv
  • Gåver/sponsing
  • Førehald til leverandørar

Føretaksgruppa Helse Vest har ansvar for å yte spesialisthelsetenester til befokninga på Vestlandet.

Etiske retningslinjar i Helse Vest


 

Etiske retningslinjer for føretaksgruppa i Helse Vest

Verksemda vår skal vere kjenneteikna av høg etisk standard. Dei etiske retningslinjene skal vere til hjelp i vanskelege situasjonar som vi kan møte i arbeidet vårt i Helse Vest. Det kan vere i situasjonar som gjeld oss som fagperson, kollega eller leiar.
Du kan lese meir her
En lege som snakker med en pasient
Sist oppdatert 06.10.2016