logo Sjukehusapoteka Vest

Miljøpolitikk i SAV

SAV skal vere ein miljøbevisst organisasjon. Miljøpolitikken i SAV skal bidra til å sikre at drifta av sjukehusapoteka gjev minst mogleg uønska effektar på miljøet.

Vi skal handtere varene vi omset og innsatsfaktorane som inngår i produksjonen på ein måte som sikrar kontroll. Samarbeidspartar og kundar skal informerast om vår forståing av kva miljørisikoar som følgjer framstilling og bruk av legemiddel.

Miljøpolitikken skal sikre at SAV forvaltar miljøutfordringane til beste for tilsette, kundar og samarbeidspartar.

  • SAV forpliktar seg til kontinuerleg forbetring gjennom aktiv og dynamisk bruk av styringssystem og planverk
  • Kontinuerleg samle inn og vurdere miljøeffektar av drifta vår
  • Etterleve lovkrav, SAVsine strategiar og etablerte prosedyrar på miljøområdet i det daglege arbeidet
  • Supplere høg fagkompetanse hos alle tilsette med miljøkompetanse

  • Stille miljøkrav til leverandørar

  • Gjere informasjon om moglege effektar på miljø ved bruk av legemidlar tilgjengeleg for kundar
  • Bidra til effektiv bruk og handsaming av legemiddel

  • Identifisere og bruke kanalar for å påverke produsentleddet til auka fokus på berekraftig produksjon av legemiddel.


Lokalt har SAV miljøkoordinator som bistår apotekar med praktisk gjennomføring av leiaransvaret i spørsmål knytt til ytre miljø.​

Sist oppdatert 27.04.2023