Miljøpolitikk i SAV
SAV skal vere ein miljøbevisst organisasjon. Miljøpolitikken i SAV skal bidra til å sikre at drifta av sjukehusapoteka gjev minst mogleg uønska effektar på miljøet.
Vi skal handtere varene vi omset og innsatsfaktorane som inngår i produksjonen på ein måte som sikrar kontroll. Samarbeidspartar og kundar skal informerast om vår forståing av kva miljørisikoar som følgjer framstilling og bruk av legemiddel.
Miljøpolitikken skal sikre at SAV forvaltar miljøutfordringane til beste for tilsette, kundar og samarbeidspartar.
Lokalt har SAV miljøkoordinator som bistår apotekar med praktisk gjennomføring av leiaransvaret i spørsmål knytt til ytre miljø.
Sist oppdatert 27.04.2023