Kvifor treng vi eit beredskapslager for primærhelsetenesta?
Våren 2020 vedtok regjeringa å etablere beredskapslager for kritisk viktige legemiddel på norsk jord. Føremålet med eit nasjonalt legemiddelberedskapslager er å styrkje den samla helseberedskapen og sikre kontinuitet i pasientbehandling ved eventuelle krisesituasjonar.
Kva inneheld lageret?
Det nasjonale beredskapslageret for primærhelsetenesta inneheld utvalde legemiddel som er vurderte som særleg viktige å ha tilgang til. Lageret skal dekke inntil seks månaders forbruk.
Lageret er heimla i forskrift om legemiddelgrossistar § 5, som pålegg legemiddelgrossistar å halde beredskapslager for utvalde legemiddel.
Kva meiner vi med «§ 5-lageret»?
«Legemiddelberedskap etter § 5» eller berre «§ 5» blir brukt som kortnamn for det nasjonale legemiddelberedskapslageret for primærhelsetenesta.
Liste legemiddelberedskapslager for primærhelsetenesta
Beredskapslageret blir ofte omtalt som «§ 5» (paragraf 5), fordi det er regulert av forskrift om legemiddelgrossistar § 5. Ifølgje paragrafen pliktar legemiddelgrossistane å ha ekstra lager av legemiddel.
Grossistane involverte i lageret
- Alliance Healthcare Norge (AHN)
- Norsk Medisinaldepot (NMD)
- Apotek 1 Gruppen
Du finn lista over legemiddel som omfattast av § 5 i vedlegg til forskrifta:
Vedlegg: Forskrift om grossistvirksomhet med legemidler - Vedlegg: Liste over legemidler omfattet av beredskapsplikt jf. § 5 - Lovdata
Kven har ansvaret?
Frå 1. september 2024 er det Direktoratet for medisinske produkt (DMP) som har det overordna ansvaret for beredskapslageret for primærhelsetenesta.
Sjukehusapoteka Vest ved seksjon for legemiddelberedskap (B180-forvaltninga) forvaltar lageret på vegner av DMP.
Meir informasjon
Vil du vite meir om DMP sitt ansvar for legemiddelberedskap i primærhelsetenesta?