Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Nasjonalt legemiddelberedskapslager
For primærhelsetenesta
Nasjonalt legemiddelberedskapslager for primærhelsetenesta inneheld lager av kritiske legemiddel for inntil seks månaders forbruk.
Kvifor treng vi eit beredskapslager for primærhelsetenesta?
Våren 2020 vedtok regjeringa å etablere beredskapslager for kritisk viktige legemiddel på norsk jord. Føremålet med eit nasjonalt legemiddelberedskapslager er å styrkje den samla helseberedskapen og sikre kontinuitet i pasientbehandling ved eventuelle krisesituasjonar.
Kva inneheld lageret?
Det nasjonale beredskapslageret for primærhelsetenesta inneheld utvalde legemiddel som er vurderte som særleg viktige å ha tilgang til. Lageret skal dekke inntil seks månaders forbruk.
Beredskapslageret omfattar først og fremst legemiddel som hentast ut på apotek men inneheld i tillegg nokre legemiddel som brukast i kommunehelsetenesta.
«Legemiddelberedskap etter § 5» eller berre «§ 5» blir brukt som kortnamn for det nasjonale legemiddelberedskapslageret for primærhelsetenesta.
Liste legemiddelberedskapslager for primærhelsetenesta
Beredskapslageret blir ofte omtalt som «§ 5» (paragraf 5), fordi det er regulert av forskrift om legemiddelgrossistar § 5. Ifølgje paragrafen pliktar legemiddelgrossistane å ha ekstra lager av legemiddel.
Grossistane involverte i lageret
Alliance Healthcare Norge (AHN)
Norsk Medisinaldepot (NMD)
Apotek 1 Gruppen
Du finn lista over legemiddel som omfattast av § 5 i vedlegg til forskrifta: