Prinsipp for legemiddelberedskap
Legemiddelberedskapslageret skal motverke situasjonar med mangel på kritisk viktige legemiddel og bidra til at mange kan halde fram livsviktig medisinsk behandling sjølv ved svikt i normal forsyning.

Foto: Svein Lunde, Helse Stavanger
Rullerande lager

Krav til haldbarheit
Når grossistar kjøper legemiddel til beredskap i spesialisthelsetenesta, skal haldbarheita vere minst 12 månader. Dette sikrar at legemidla kan brukast før dei går ut på dato. Om det ikkje finst legemiddel med så lang haldbarheit, kan B180 vurdere å kjøpe med kortare haldbarheit.
Når grossisten kjøper legemiddel til beredskap etter § 5, skal haldbarheita vere minst seks månader, i tillegg til lagringstida. Viss haldbarheita er kortare, må grossisten sjølv vurdere om det likevel er forsvarleg å kjøpe det inn.
Kva slags situasjonar skal lageret vere ein beredskap for?
Lageret er meint å styrkje den samla helseberedskapen og kome pasientar med behov for medisinsk behandling til gode om det oppstår mangel på legemiddel. Det består av eit utval legemiddel tilsvarande inntil seks månaders normalt forbruk i spesialisthelsetenesta og i primærhelsetenesta.
Då nasjonalt legemiddelberedskapslager vart etablert, var det for å:
- ha legemiddelberedskap på norsk jord
- sikre kritiske legemiddel til pasientar
- ved forsyningssvikt – «Kjøpe oss litt tid»
Frå 2021 har legemiddelberedskapslageret sin funksjon vorte utvida til:
- hjelp ved mangelsituasjonar
- hjelp internasjonalt ved mangelsituasjonar og gjennom legemiddeldonasjonar
Kvifor det er viktig å tenkje langsiktig
Når det allereie er mangel på legemiddel, bør vi ikkje kjøpe inn store volum til beredskap. Det kan gjere mangelsituasjonen verre. I staden for bør vi tenke langsiktig og bygge opp beredskapslager når det er god tilgang på legemiddel i distribusjonskjeden.
På den måten kan Norge bruke av sine beredskapslager når det oppstår akutt mangel, i staden for å konkurrere med andre land om et begrensa volum av legemidla som finst på marknaden. Då kan dei landa som opplever mangel, få kjøpe det som er tilgjengeleg på marknaden.