Nasjonalt legemiddelberedskapslager
For spesialisthelsetenesta
Nasjonalt legemiddelberedskapslager for spesialisthelsetenesta inneheld lagar av kritiske legemiddel for inntil seks månaders forbruk.

Tre ulike lager – eitt felles mål
Det nasjonale legemiddelberedskapslageret for spesialisthelsetenesta består av tre lager: B180S, B20 og fokuslista. Desse lagera inneheld legemiddel som er nødvendige for å halde sjukehus og helsetenesta i gang – også i eventuelle krisesituasjonar.
B180S – lager for spesialisthelsetenesta
Kva er B180S?
B180S er kortnamnet for lageret av kritiske legemiddel som skal dekke opp til seks månader forbruk i spesialisthelsetenesta (S). Namnet "B180" viser til at lageret dekker 180 dagar med forbruk
Kven har ansvaret?
Dei fire regionale helseføretaka har ansvar for legemiddelberedskap i spesialisthelsetenesta. Sjukehusapoteka Vest, ved seksjon for legemiddelberedskap (B180-forvaltninga), følgjer opp lageret på vegner av helseføretaka. Beredskapslageret blir drifta i samarbeid med legemiddelgrossisten Alliance Healthcare Norge (AHN).
Innhald og organisering
Lista over legemiddel som skal vere på lager blir oppdatert to gongar i året, og elles ved behov. Den viser mellom anna:
- type legemiddel (ATC-gruppe),
- verkestoff,
- styrke og formulering,
- kor mange dagar lageret skal dekke.
Kor mange pakningar av eit legemiddel som er lagra, er ikkje offentleg informasjon.
Kven bestemmer kva som skal lagrast?
Ei nasjonal faggruppe, med legar og farmasøytar frå helseføretaka, kommunehelsetenesta, Direktoratet for medisinske produkt (DMP), Sykehusinnkjøp og Mangelsenteret, gir råd om kva som skal inn på B180S. Dei vurderer blant anna:
- kva konsekvensar ein mangel kan ha for pasientgrupper og samfunnet
- risikoen for at eit legemiddel blir utilgjengeleg
- kostnaden på legemiddelet
Økonomi og verdi
Den samla verdien på B180S-lageret kan vere inntil 500 millionar kroner.
Frigjeving av varer frå B180S
B180-forvaltninga kan vurdere og godkjenne uttak frå B180S . Ved frigjeving vil varene vere disponible for sal frå avtalegrossist.
Rasjonering
B180-forvaltninga kan ikkje rasjonere reservert volum, men kan vente med frigjeving frå reservert beredskapslager fram til DMP eventuelt har innført restriksjonar/rasjonering.
B20 – legemiddel med særleg høg verdi eller låg etterspurnad
Kva er B20?
Dette er eit legemiddelberedskapslager med fast minimumsbehaldning og ein verdi opp til totalt 20 millioner kroner, derav namnet B20. Avtalen er heimla i G2021-grossistanbodet, som er ein avtale mellom dei fire regionale helseføretaka og grossisten Alliance Healthcare Norge (AHN).
Varene som ligg på B20-lista inneheld utvalde legemiddel som er kritisk å ha tilgjengelege på lager, men som gjerne har høg kostnad og/eller lite sal.
Eksempel på legemiddel i B20-lageret:
- legemiddel som er nødvendige for å halde sjukehus i drift
- enkelte antidotar (motgift)
- breispektra antibiotika
- legemiddel mot tuberkulose og virusinfeksjonar
- kreftmedisinar som tidlegare har vore ramma av leveringsproblem.
Dersom legemiddel i lageret går ut på dato, er det dei regionale helseføretaka som dekkjer kostnadene.
Frå 15. juni 2024 har B180-forvaltninga hatt ansvaret for B20-lageret.
Fokuslista (FL) – tidleg varsling og rask oversikt
I tillegg til B180-spesialistavtalen har dei regionale helseføretaka gjennom grossistavtalen (G2021) med Alliance Healthcare Norge (AHN) også eit legemiddelberedskapslager. Avtalen inneber at grossist skal ha eit rullerande beredskapslager på utvalde kritiske legemiddel, også kjent som fokuslista. Beredskap for legemiddel på fokuslista blir inndelt i anten 30, 60 eller 90 dagars ekstra lagar, som kjem i tillegg til legemiddelgrossisten sitt ordinære salslager.
Omtale/kortnavn
Fokuslista (FL) er kortnamn for sjukehusapoteka si fokusliste over kritiske legemiddel.
Korleis fungerer det?
Legemidla på fokuslista blir kategoriserte etter kor mange dagar ekstra beredskap dei har:
- F30 = 30 dagar
- F60 = 60 dagar
- F90 = 90 dagar
Kvifor er dette viktig?
Det blir rapportert lagerstatus kvar veke, noko som gir eit godt verktøy for å fange opp kritiske forsyningsproblem tidleg – og gir grunnlag blant anna for å varsle tidleg om kritiske leveringssvikta til sjukehusapoteka sitt mangel-team (Mangelsenteret)
På denne måten kan fokuslista være eit nyttig logistikkverktøy i arbeidet hos fleire andre aktørar som jobbar med å ivareta forsyningstryggleiken. Legemiddelbehaldning som fell under eit gitt minimumsnivå blir følgd tett opp og tiltak blir drøfta og sette i verk.
Legemiddelgrupper som er med på fokuslista er:
- kritisk for å halde oppe drifta av sjukehus og der mangel vil gå ut over liv og helse
- til polikliniske pasientar der legemiddelmangel vil resultere i innlegging i sjukehus
- kreftlegemiddel med hovudvekt på sortiment frå generika-produsentar med historikk på forsyningutfordringar
- produkt til blødarar
- blodplasmaprodukt
- elektrolyttkonsentrat
Frå 15. juni 2024 har fokuslista vore inkludert i B180-forvaltninga sitt arbeid. Lista blir jamleg oppdatert i tråd med behov, endringar i forsyningstryggleik og nye faglege anbefalingar.
Ønskjer om endringar på lista kan meldast til: