Sånn er rekrutteringsprosessen
Kor finn du stillingsutlysinga?
Alle våre ledige stillingar blir lyst ut på vår heimeside, Finn.no og Arbeidsplassen.no. Av og til blir stillinga óg lagt ut på sosiale medier og andre relevante jobbportalar og bransjespesifikke nettsider.
Kva skjer når søknadsfristen er utløpt?
Alle søkjarar får bekreftelse på mottatt søknad og kort informasjon om vidare prosess når søknadsfrista er utløpt. Vi går gjennom alle søkjarar til den aktuelle stillinga, og aktuelle kandidatar blir kontakta for å avtale intervju.
Kven blir invitert til intervju?
Dei vi vurderer som mest eigna og kvalifisert for stillinga blir invitert til eit intervju. I nokre tilfelle, og for nokre stillingar, kan det óg vere aktuelt med andre- og tredjegangsintervju.
For enkelte stillingar inkluderer rekrutteringsprosessen ein arbeidspsykologisk test og løysing av ei caseoppgåve.
Kva skjer etter intervju?
Når alle inviterte kandidatar har vore på intervju, gjer vi ei vurdering. Alle kandidatar som har vore på intervju får tilbakemelding via telefon. For dei kandidatane som vi ønskjer å gå vidare med, utfører vi ein digital referansesjekk.
Jobbtilbod
Den kandidaten vi innstiller til stillinga mottar eit skriftleg jobbtilbod frå oss. Jobbtilbodet har som houvudregel ei signeringsfrist på inntil fem dagar.
