Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Våre hovudområde

Sjukehusapoteka Vest er ein del av spesialisthelsetenesta, og vår hovudoppgåve er å levere legemiddel og farmasøytiske tenester til sjukehusa og pasientane deira. Vi har óg eit særleg ansvar for nasjonal beredskapslagring av legemiddel.

Vi har fire verksemdsområde: produksjon, sjukehusekspedisjon, publikumsutsal og farmasøytisk rådgjeving. Desse fire verksemdsområda finst ved dei fire største apoteka våra, i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Dei mindre apoteka våre på Haraldsplass og Våland har kun sjukehusekspedisjon og publikumsutsal.  

Produksjonsavdelingane tilverkar/produserer legemiddel som blir tilpassa den enkelte pasienten, og/eller som ikkje kan kjøpast ferdige eller som har kort haldbarheit. Vi produserer cellegiftkurar, total parenteral ernæring (TPN) og blandingar til smertebehandling og andre aseptisk framstilte legemiddel.

Aseptisk tyder at framstillinga av legemiddel skjer under forhold som så langt som mogleg utelukkar forureining med mikroorganismar, i særskilde produksjonslokale der også HMS-omsyn er tekne vare på. Det blir òg tilverka legemiddel som er spesielt tilpassa barn.

Sjukehusekspedisjonsavdelingane sørgjer for lagerhald og distribusjon av legemiddel og apotekvarer til sjukehus i Helse Vest, til private ideelle sjukehus og til kliniske utprøvingar. Lagringa skjer i tilpassa lokale, med bruk av automatiserte løysingar for bestilling, lagerhald, lagerstyring og distribusjon. Distribusjonen blir tilpassa kundebehova, og vaktordningar sikrar tilgang utanom dei ordinære opningstidene. Oppdatering av lageret i tråd med nye behandlingsretningslinjer, innkjøpsavtalar, forsyningsutfordringar og beredskapsplanar er viktige oppgåver. 

Medarbeidarane i sjukehusekspedisjonen leverer òg tenester, til dømes apotekstyrt legemiddellager, apotekstyrt tilberedning og apotekstyrt trallelegging. Ved apotekstyrt legemiddellager har sjukehusekspedisjonen  ansvar for bestilling og forsyning til legemiddellageret i sjukehuseininga. Ved apotekstyrt trallelegging vert legemiddel gjorde i stand til intravenøs behandling av apotektilsette, og ved trallelegging vert perorale legemiddel gjorde i stand for kvar pasient.

Publikumsapoteka sel og leverer legemiddel, apotekvarer og tenester til publikum. Kundane våre er i hovudsak pasientar, tilsette og andre brukarar av sjukehusa, men er ope for alle. Publikumsavdelingane skal bidra til at det ikkje oppstår brot i legemiddelbehandlinga for utskrivne og polikliniske pasientar, og samtidig bidra til at pasientane har det dei treng og meistrar legemiddelbruken før dei forlèt sjukehuset. 

SAV arbeider for å vidareutvikle publikumsutsala som ein naturleg del av pasientforløpet ved å tilby varar og tenester som medverkar til god pasienttryggleik og god service. Vi tilbyr mellom anna medisinstartsamtalar og ulike vaksinasjonstenester. 

Sjukehusapoteka skal ha eit vareutval som er attraktivt, konkurransedyktig og tilpassa ei breitt samansett kundegruppe.

Avdeling for farmasøytiske tenester leverer tenester til sjukehusa i Helse Vest, private ideelle sjukehus og fleire kommunar. Viktige arbeidsoppgåver er pasientretta tenester, informasjon og rådgjeving, undervisning, revisjon og økonomisk riktig bruk av legemiddel. 

Farmasøytisk rådgjeving skal bidra til effektiv og trygg legemiddelbehandling for den enkelte pasienten, til dømes gjennom samstemming av legemiddellister, legemiddelgjennomgang og samtalar med pasienten. Avdelinga medverkar òg til gode rutinar for legemiddelhandtering, undervisning og rådgjeving til helsepersonell. 

Pakkeanlegget for eindose i Haugesund er ei ny og innovativt avdeling for Sjukehusapoteka Vest, og avdelinga ligg under verksemdsområdet produksjon. Avdelinga skal levere ferdigpakka eindosar til alle sjukehusa i Helse Vest. Dette bidreg til å styrke pasienttryggleiken ved å redusere risikoen for legemiddelfeil og effektivisere legemiddelhandteringa i sjukehusa. 

To store endosemaskiner står i et åpent rom, uten noen folk i nærheten.
Eindoseanlegget i Haugesund skal vere ansvarleg for pakking av eindosar til heile Vestlandet.

Nasjonalt beredskapslager for legemiddel (B180) ligg under seksjonen for legemiddelberedskap i foretaksadministrasjonen i Sjukehusapoteka Vest. Lageret er etablert for å sikre tilgang til kritiske legemiddel i Noreg, både for spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta, ved svikt i normal forsyning.   

B180 inneheld legemiddel tilsvarande seks månaders (derav talet 180 i namnet) forbruk og nyttar ein rullerande lagerstrategi for å unngå ukurans og sikre ferske varer. Seksjonen for legemiddelberedskap koordinerer arbeidet med innkjøp, lagerhald og distribusjon, og samarbeider tett med aktørar som Helsedirektoratet, Direktoratet for medisinske produkter (DMP), Sykehusinnkjøp og grossistar. Dette arbeidet bidreg til å oppretthalde forsyningstryggleik og trygg behandling for pasientar over heile landet. 

Lagbilde av de ansatte i seksjon for B180 beredskapslager.
Bilete av dei tilsette i seksjon for B180 legemiddelberedskapslager.

Sjukehusapoteka Vest HF skal bidra til forsking, innovasjon og utvikling innan legemiddelbruk, legemiddelhandtering og legemiddelforsyning, både i eige føretak og i samarbeid med helseføretaka i regionen. Arbeidet omfattar forskingsprosjekt, innovasjonsprosjekt, kvalitetssikringsprosjekt og mindre såkornprosjekt som bidreg til kontinuerleg forbetring av tenester og arbeidsprosessar. Gjennom tenester innan kliniske utprøvingar av legemiddel (KLUT) bidreg føretaket òg til forskingsverksemda i helseføretaka og til gjennomføring av kliniske studiar.

Sist oppdatert 14.09.2026