AFT-farmasøyter som tar bølgen med store smil

Vårt oppdrag - meir enn eit vanleg apotek

Vi i Sjukehusapoteka Vest (SAV) er her for at pasientar skal få det betre ved å få dei legemidla dei treng, og at dei brukar legemidla på ein trygg og rett måte. Kvar dag bidrar alle i SAV til det same oppdraget, uansett rolle.

Viktige samarbeidspartnar for oss i SAV er sjukehusa i Vestland og Rogaland. Vi skaffar, produserer, lagrar og distribuerer legemiddel – samstundes som vi underviser, rettleiar, styrkjer beredskapen og driv forsking på legemiddelområdet. ​

​Som ein del av Helse Vest er vi i SAV med på eit større fellesskap. Vi deler den fellesvisjonen om å fremje meistring og livskvalitet, medan verdiane respekt, tryggleik og kvalitet skal prege måten vi arbeider på kvar dag. ​

​Sjå korleis det er på innsida av våre apotek på filmen under.​

Sist oppdatert 14.09.2026