Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Thiet rydder i hyllene mens hun ser på kamera og smiler

Møt våre medarbeidarar

Sjukehusapoteka Vest har om lag 120 apotekteknikarar og 110 farmasøytar, i tillegg til tilsette i mange andre ulike rollar. Til saman utgjer vi det største farmasifaglege miljøet på Vestlandet, med sterkt aukande aktivitet.

Lurer du på korleis det er å jobbe i Sjukehusapotek Vest? Her kan du bli kjent med nokre av våre tilsette, for å sjå korleis deira arbeidskvardag i dei ulike rollane deira. 

Linda elskar variasjonen i sjukehusapoteket

Linda hadde alltid lyst til å jobbe i sjukehusapotek. Etter nærmare 18 år i Sjukehusapoteka Vest ser ho tilbake på ein svært innhaldsrik karriere. – Eg er nok eit godt eksempel på kor varierte oppgåver ein kan ha som farmasøyt, seier ho.

Les heile intervjuet med Linda her
Linda står ved en vegg og lener seg inntil veggen mens hun smiler til kamera

Miriam hadde "runnet" det å jobbe i eit vanleg apotek

Miriam Dahl Husvegg gjekk rett frå jobben som kranførar til farmasøyt. No jobbar den sprudlande karmøyværingen som avdelingsleiar ved Sjukehusapoteket i Haugesund.

Les heile intervjuet med Miriam her
Vi ser Miriam stående smilende bak kassen i apoteket.

Vesna trivst å jobbe med fag og utvikling

Vesna tok sjansen og flytta frå heimlandet Serbia i 2014. No har ho familie i Noreg og fast jobb ved Sjukehusapoteket i Førde.

Les heile intervjuet med Vesna her
Vesna sitter foran datamaskinen og smiler til kamera

Bisharo er apotekar ved vårt minste apotek

Etter to år ute i det private valte Bisharo å vende tilbake til Sjukehusapoteka Vest, der ho no leier apoteket på Haraldsplass. – Det var alltid eit mål for meg å komme tilbake, seier ho.

Les heile intervjuet med Bisharo her
Bisharo sitter foran PCen og smiler til kamera.

Faisal trivst i eit miljø kor han kan utvikle seg

Faisal flykta frå Libanon til Noreg som 17-åring. Der har han funne ei tryggare framtid og ein jobb med meining i Sjukehusapotek Vest. No siktar den sporty apotekteknikaren på vidareutdanning som farmasøyt.

Les heile intervjuet med Faisal her
Faisal rydder i hyllene på apoteket mens han smiler til kamera

Eirik er handymannen i Stavanger

Eirik er alt-mogleg-mannen i Stavanger som fiksar alt frå ventilasjon til elektronikk. - Eg har ingen dagar som er like, seier karen, som har teneste som kjærleikspråk.
Les heile intervjuet med Eirik her
Eirik Svandal smiler til kamera mens en kollega jobber ved PCen i bakgrunnen

Thiet forsyner Haraldsplass med livsviktige medisinar

Thiet elskar å jobbe tett på sjukehusa og hjelpe deg med å få tak i viktige medisinar. - Eg kjenner at den jobben eg gjer er veldig viktig for pasientane. Eg kjenner eit ansvar, seier ho.
Les heile interjvuet med Thiet her
Thiet rydder i hyllene i apoteket på Haraldsplass

Sølvi rettleiar pasientar og sjukehustilsette i rett legemiddelbruk

Sølvi Søreide kom til Sjukehusapoteket i Haugesund etter å ha jobba fleire år i private apotek. - Eg ønska å jobbe i eit større fagleg miljø, ha fleire å spille på og samarbeide med dei som er tettast på pasientane. Og det får eg heilt klart i jobben min i dag, seier Søreide.
Les heile intervjuet med Sølvi her
Sølvi poserer foran produksjonslokalene i Sjukehusapoteka Vest
Sist oppdatert 08.10.2025