Prinsipp for legemiddelberedskap
Prinsippa for legemiddelberedskap er baserte på ansvar, likskap, nærleik og samvirke. Alle relevante aktørar har ansvar for å sikre legemiddeltilgang ved forsyningssvikt eller auka etterspurnad.

Rullerande lager
Lageret baserer seg på eit prinsipp om rullering hos grossist. Når sjukehus/apotek kjøper varer frå grossist, blir lageret fylt opp med tilsvarande volum slik at beredskapsvoluma er konstant. Grossisten følgjer prinsippet om FEFO (First expired, first out) slik at varer med kortast haldbarheit alltid blir solgt først.

Haldbarheit
Når grossist gjer innkjøp av legemiddel til beredskap i spesialisthelsetenesta skal haldbarheita være minimum 12 månadar. Dette for å sikre at legemiddel rullerer ut til bruker utan at det oppstår kassasjon. B180 vurderer innkjøp med kortare haldbarheit når det ikkje er tilgjengeleg betre haldbarheit.
Når grossistane gjer innkjøp av legemiddel til beredskap i henhold til §5 skal haldbarheita være minimum 6 månadar i tillegg til tal månader beredskap. Når haldbarheita er under kravet foretar grossistane eigen vurdering om legemidla kan kjøpast til beredskap.
Nasjonalt legemiddelberedskapslager - Kva beredskapssituasjonar er lageret meint å dekkje?
Lageret er meint å styrkje den samla helseberedskapen og kome pasientar med behov for medisinsk behandling til gode om det oppstår mangel på legemiddel. Det består av eit utval legemiddel tilsvarsande inntil seks månader normalt forbruk i spesialisthelsetenesta og i primærhelsetenesta.
Ved skipinga av Nasjonalt legemiddelberedskapslager var det for å:
- Ha legemiddelberedskap på norsk jord
- Sikre kritiske legemiddel til pasientar
- Ved forsyningssvikt – «Kjøpe oss litt tid»
Frå 2021 har legemiddelberedskapslageret sin funksjon vorte utvida til å:
- Hjelp ved mangelsituasjonar
- Hjelp internasjonalt ved mangelsituasjonar og gjennom legemiddeldonasjonar
Ein må ha eit langsiktig perspektiv ved beredskapslager
Når ein mangelsituasjon alléreie har oppstått, vil ein kunne forverre mangelsituasjonen dersom ein kjøper inn større kvantum til beredskap. Det er derfor viktig med eit langsiktig perspektiv ved forvaltning av beredskapslager, der ein fyller opp beredskapslager når det er god tilgang på varer i distribusjonsskjeden.
På denne måten kan beredskapslager i Noreg, faktisk hjelpe andre land som opplever akutt mangel på legemiddel, ved at desse landa får tilgang til og forbruker legemiddel som er tilgjengeleg på marknaden, medan Noreg då tærer av beredskapslagera framfor å konkurrere om dei avgrensa mengdene i ein mangelsituasjon.