Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Camilla drog til Nigeria med Leger uten grenser

Fagsjef i Sjukehusapoteka Vest, Camilla Brox drog fem månader på feltarbeid i Nigeria med Leger uten grenser. I ein region prega av dårleg infrastruktur og korrupsjon fekk ho oppleve dei store kontrastane frå Noreg.

Publisert 05.09.2025
Et par kvinner som poserer for kameraet

Gjennom fem månader i feltarbeid ved barnesjukehuset Gwange nordaust i Nigeria fekk Camilla oppleve ein ganske annleis kvardag enn kva ho er van med frå Noreg. I Nigeria er over to millionar  menneske fordrivne av dei islamistiske terrororganisasjonane Boko Haram og ISWAP. Det er utrygt å ferdast langs vegane, då ein kan bli utsett for kidnapping, drap eller sjølvutløysande bomber.

- Sikkerheit blir tatt på største alvor av Leger uten Grenser. Eg var aldri redd eller følte meg utrygg. Leger utan grenser driv sjukehusa sine veldig godt, og ein gjenkjenner mykje frå norske sjukehus sjølv om settinga er ein helt annan. Alle pasientar får gratis helsehjelp, både poliklinisk og ved innlegging.

Store kontrastar

Camilla fortel at det likevel er store skilnader når det gjeld ressurstilgang, infrastruktur, korrupsjon og levekår. Den største skilnaden er likevel kva sjukdommar som ein behandlar og dei mange barrierane som hindrar tilgang til helsetenester.

- Vanlege sjukdommar var malaria, meslingar, kolera, stivkrampe, rabies og tyfoidfeber. Veldig mange av desse barna kunne unngått sjukdom om dei hadde blitt vaksinert og/eller hadde tilgang på rent drikkevatn.

- Ein annan stor kontrast er kor seint befolkninga oppsøkjer eller når fram til "moderne helsehjelp". Ofte kan sjukdommane ha kome veldig langt, og barna er alvorleg sjuke når dei blir lagt inn. Anten fordi pasientane har reist langt, eller fordi dei har prøvd tradisjonelle metodar før dei oppsøkjer "moderne medisin".

Saka held fram under biletet

En kvinne i hvit skjorte
Camilla føre sjukehussengene på barnesjukehuset.

Ikkje siste gong

Leger utan grenser har eigne grossistar i Europa som alle prosjekta bestiller frå.  Tilgang på legemiddel og utstyr var derfor som oftast god.

- Hovudsakeleg var legemidla av europeisk kvalitet (GMP). Nokre varer blei bestilt lokalt og desse måtte vi følgje ekstra nøye med på kvaliteten på.

På spørsmål om ho vil vurdere å reise ut i feltarbeid ein annan gang er ho klar i sitt svar.

- Absolutt, det blir fleire utreiser i løpet av karrieren. Kor eg drar er ikkje så nøye så lenge eg kan holde meg til sjukehusfarmasien.

En gruppe mennesker som går i et jorde med en pyramide i bakgrunnen
Solnedgang over slettene i Nigeria.