Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Desse har søkt på stillinga som administrerande direktør

Kven blir den nye administrerande direktøren i Sjukehusapoteka Vest? 15 personar har søkt stillinga. ​

Publisert 24.10.2023
En bygning med glassdører

​Stillinga vart utlyst i første halvdel av september 2023. I utlysinga vart det søkt etter ein erfaren og drivande toppleiar. Fristen for å søke gjekk ut 16. oktober 2023.

Lene Svanberg Jakobsen har vore konstituert i stillinga som administrerande direktør sidan 8. juni 2023. Ho er også ein av søkjarane til stillinga.

Totalt er det 15 søkjarar til stillinga, to av dei har trekt sin søknad. 

Styreleiar Helge Torgersen i SAV, som leiar tilsetjingsutvalet som skal finne den nye administrerande direktøren, seier dei arbeidar aktivt vidare med tilsetjingsprosessen, med mål om å vere ferdig med den før jul. 

Her er søkjarlista: 

Søkjar nr.  Namn Noverande stilling Alder Kjønn Bustad
1 Monica Dybwad Gartnar 47 K 1357 Bekekstua
2 Ksenia Kotokova Apotekar 38 K 35220 Växsjö
3 Nirojhan Rishananthan Vektar  26 M 2020 Skedsmokorset
4 Glenn Hole  Associated Professor 46 M 3021 Drammen
5 Ane Raquel Monteiro Avdelingsleiar 52 K 1337 Sandvika
6 Tonje Folkvang Fagsjef for kvalitet og pasienttryggleik 42 K 4051 Sola
7 Lene S. Jakobsen Konstituert administrerande direktør 48 K 5529 Haugesund
8 Nikola Kubra Lønnskonsulent 26 M 0178 Oslo
9 Unntatt offentlegheit     K  
10 Christer Bakke Frantzen Fag og utviklingsdirektør 46 M 5099 Bergen
11 Quynh Le Leiar for Nasjonalt legemiddelberedskapslager 44 K  
12 Unntatt offentlegheit     M  
13 Kandidat har trekt sin søknad        
14 Unntatt offentlegheit     M  
15 Kandidat har trekt sin søknad