Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Dette vart vedtatt på styremøtet

​​Styret i Sjukehusapoteka Vest hadde møte i Bergen 8. juni. Til sist i møtet, under Eventuelt, vart det gjort vedtak relatert til blant anna situasjonen ved Sjukehusapoteket i Bergen og Deloitte si kartlegging.​

Publisert 08.06.2023
En gruppe mennesker i en bygning

Eventuelt-punktet til sist i møtet vart behandla i ein lukka del av møtet, altså unntatt offentlegheit, men vedtaka som vart gjort er offentlege. Blant vedtaka var tilslutning til Jon Bolstads fråtreden som administrerande direktør og konstituering av Lene Svanberg Jacobsen som administrerande direktør.

Styreleiar Helge Torgersen informerer om at styret gjorde desse vedtaka under Eventuelt:

 

Styresak 27/23/1: Godkjenning av referat frå ekstraordinært styremøte 1. juni 2023, lukka del.

Styret tar referatet frå lukka del i ekstraordinært styremøte 1. juni 2023 til vitande.

 

Styresak 27/23/2: Avtale om fråtreding for administrerande direktør.

Styret gir sin tilslutning til avtale om fråtreding i tråd med inngått avtale mellom SAV og Jon Bolstad

 

Styresak 27/23/3: Tilsetjing av ny administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest HF            

1. Styret i Sjukehusapoteka Vest HF utnemnar tilsettingsutval med følgjande medlemmer:

  • Styreleiar Helge Torgersen
  • Eigaroppnemnd styremedlem: Olav Klausen
  • Eigaroppnemnd styremedlem: Clara Gjesdal
  • Representant frå styremedlemmer vald av og blant dei tilsette: Siri Bergsholm Bjørhovde

Sekretær for tilsettingsutvalet: Hilde Christiansen

2. Styret gir tilsettingsutvalet fullmakt til å inngå avtale for ekstern bistand.

3. Styret gir tilsettingsutvalet fullmakt til å gjennomføre tilsettingsprosessen fram til det føreligg endeleg innstilling.

4. Tilsettingsutvalet skal legga fram si innstilling for styret i Sjukehusapoteka Vest HF som tilset ny administrerande direktør.

 

Styresak 27/23/4: Utnemning av konstituert administrerande direktør.

Styret sluttar seg til å inngå avtale med Lene Svanberg Jakobsen som konstituert administrerande direktør frå og med 8. juni 2023 i tråd med dei lønns- og arbeidsvilkår som blei lagt fram for styret.  

 

Styresak 27/23/5: Særleg oppfølging av Sjukehusapoteka i Bergen

1. Styret ber konstituert administrerande direktør setje inn dei tiltaka som er nødvendig for å sikre etterleving av gjeldande fullmakter i føretaket, at organiseringa av verksemda blir i tråd med forventningar frå styret og sett i verk dei tiltak som er nødvendig for å sikre god drift og eit godt arbeidsmiljø i SiB.

2.Styret ber konstituert administrerande direktør så snart som mogleg orientere om kva tiltak som allereie er sett i verk og som vil bli sett i verk for å å stabilisere god drift, styrkje nødvendig fagleg kapasitet og kompetanse ved Sjukehusapoteket i Bergen, og dessutan orientere om kva kortsiktige tiltak som er mogleg for å forbetre arealsituasjonen.

 

Styresak: 27/23/6: Kartlegging av varslingar utført av Deloitte.​


1. Styret har gjennomgått og handsama kartlegginga frå Deloitte og tek denne til vitande.

2. Styret ber konstituert administrerande direktør så snart som mogleg legg fram ein plan med tiltak som skal bidra til å nå styrets forventningar til eit velfungerande fellesskap i heile Sjukehusapoteka Vest, tiltak som til dømes sørger for konfliktløysing og sikrar god rolleforståing og kommunikasjon.