Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Friskmelding av produksjonsrom på Sjukehusapoteket i Stavanger

Produksjonsrommet for intravenøse ernæringsløysingar (TPN) opna for normal produksjon frå 22.november.

Publisert 24.11.2016

​Produksjon av legemiddel er underlagd strenge kvalitetskrav, mellom anna knytt til reinhald og testing av produksjonsmiljø for sopp- og bakterievekst. Sjukehusapoteka Vest har rutinar for jamleg miljøkontroll av alle produksjonsrom for å sikre kvalitet av legemiddel.

En mann med briller
Eit produksjonsrom for TPN ved Sjukehusapoteket i Stavanger har vore stengd sidan 30.juni som følgje av funn av mikrobar i rommet ved ein rutinekontroll. Rommet opna att den 22.november etter at testar viste at rommet er oppfyller miljøkrav.
- Vi er no glade for at rommet kan opnast for normal drift etter om lag fem månader med bruk av reserveløysingar, seier Ola Rye, konstituert administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest HF.

Les også: Stengd produksjonsrom ved Sjukehusapoteket i Stavanger

Gode resultat over tid

Etter stenging av rom blei aktuelle produkt henta tilbake frå kundane og det blei sett i verk arbeid med å prøve å finne årsak til problem. Det blei òg sett i verk ulike førebyggjande tiltak for å redusere sannsyn for ny vekst av mikrobar.
Rommet har tidlegare vore opna, for igjen å stengje etter nye funn av mikrobar. Etter siste stenging har apoteket gjennomført fleire tiltak. Samstundes har det blitt tatt jamlege kontrollprøvar parallelt med at det har vore aktivitet i rommet. Desse prøvane har vore fine.
- Vi har teke daglege miljøprøvar over ein lengre periode med drift i rommet. Alle testane viser resultat godt under grenseverdiane for denne typen produksjonsrom, fortel Rye.

Leveransar gjekk som normalt

Sjukehusapoteka i Bergen og Haugesund har vore viktige samarbeidspartnarar for å trygge leveransane til Helse Stavanger gjennom perioden. Sjølv om dette produksjonsrommet har vore stengt, har levering av varer gått som normalt.
- Eg vil rose Sjukehusapoteket i Bergen og Sjukehusapoteket i Haugesund for den innsatsen dei har gjort for å trygge levering til pasientane i Helse Stavanger. Det er godt at vi kan samarbeide for å sikre at pasientane får dei produkta dei skal ha, seier Rye.

Tett og godt samarbeid med sjukehuset

Sjukehusapoteka Vest har òg fått god hjelp frå Helse Stavanger.
- Samarbeidet med Helse Stavanger og hjelpa vi har fått i denne perioden har vore svært viktig. Det set vi stor pris på, seier Rye.

Reserve-lab blir testa framleis

Sjukehusapoteket i Stavanger har eit reservelokale som har vore nytta til produksjon av TPN i perioden med problem i hovudlaboratoriet. Ei prøve frå den 26.oktober i dette rommet viste teikn til vekst av sopp.
- Vi vil i tida framover arbeide for at også reservelokale skal bli klart til bruk, fortel Rye.

Kontaktperson:
Pressevakt
Stavanger universitetssjukehus
Mob: 477 00 999