Fristen er 16. oktober..
for å søke stillinga som administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest. Ønsket er ein erfaren og drivande toppleiar.
Publisert 04.10.2023
Rekrutteringsprosessen med å finne den som skal leie Sjukehusapoteka Vest framover er godt i gang. Stillinga har lege utlyst nokre veker. Fristen for å søke er måndag 16. oktober.
Styreleiar Helge Torgersen leiar det fire personar store tilsetjingsutvalet som skal finne den nye administrerande direktøren. Han har tidlegare sagt at vi fort er nærare jul og nyår før prosessen er ferdig.
Rekrutteringsfirmaet Habberstad bidrar i tilsetjingsprosessen.