Fyller 40 år: Frå damegarderobe til moderne sjukehusapotek
Sjukehusapoteket i Haugesund har gått frå ein liten sjukehusekspedisjon til ein arbeidsplass med 43 medarbeidarar og eit breitt spekter av oppgåver. No markerer det 40 år.

Måndag 28. september samla gjestar frå føretaksleiinga i Helse Fonna, leiargruppa ved Sjukehusapoteket i Haugesund og delar av leiargruppa i Sjukehusapoteka Vest seg i pauserommet i underetasjen på Haugesund sjukehus, der produksjon og sjukehusekspedisjonen held til. På det fint dekka bordet stod ei sjokoladekake merkt med «SIH 40 år».
Apotekar Maria Rossebø Areklett tok i sin presentasjon gjestane med tilbake til starten i 1986. Ho viste korleis apoteket har utvikla seg frå ein sjukehusekspedisjon til ei verksemd som inkluderer publikumsapotek, produksjon, farmasøytiske tenester og eindoseanlegg.
Dette var ikkje ein offisiell fødselsdag for apoteket, men ei mindre markering i jubileumsåret. Før sommaren hadde også alle medarbeidarane ved apoteket ei markering. Seinare på dagen måndag 28. september feira dei også med kake og med reprise på Maria sin presentasjon
Vore med nesten heile tida
Anne Marie Thorsen har vore med på 37 av dei 40 åra. Ho byrja som apotekteknikar 17. september 1989, først som vikar og seinare i fast stilling. I etasjen over, på eit kontorrom i publikumsapoteket, som ligg rett ved hovudinngangen på sjukehuset, ser ho tilbake på den første tida hennar.
– Vi var åtte tilsette med meg den gongen. Det var blant andre apotekaren, assisterande apotekar og fire eller fem apotekteknikarar, seier ho
På den tida hadde apoteket berre sjukehusekspedisjon. Publikumsapoteket og produksjonsavdelinga kom i 1991, medan farmasøytiske tenester vart etablerte i 1997.
Anne Marie ler når ho fortel at i ein periode heldt sjukehusekspedisjonen til i den gamle damegarderoben i underetasjen på sjukehuset. Her vart legemidla oppbevarte og gjorde klare for levering til avdelingane.
Godt arbeidsmiljø og nysgjerrigheit
Tilbake på jubileumsmarkeringa løfta administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest, Tonje Folkvang, blant anna fram det vedvarande gode arbeidsmiljøet ved apoteket og nysgjerrigheita og viljen til å tenkje forbetring og utvikling.
Noko som eksempelvis resulterte i FAKIR (farmasøytisk arbeidsstasjon kirurgisk avdeling) og FAMED (farmasøytisk arbeidsstasjon ved medisinsk avdeling) tidleg på 2000-talet, begge løysingar som førte apotekpersonell tettare på kvardagen i kirurgiske og medisinske avdelingar.
Anne Marie arbeider i dag to eller tre dagar i veka ved den farmasøytiske arbeidsstasjonen på medisinsk avdeling. Resten av arbeidsveka er ho i publikumsavdelinga.
Har sett pris på variasjonen
Ho har alltid sett pris på mogelegheitene til variasjon som jobben ved apotekteknikar har gitt henne på sjukehusapoteket.
Likevel var ho først usikker på om arbeid ute i sjukehusavdelingane passa for henne.
– Til slutt lét eg meg lokke opp, og eg har ikkje angra eitt sekund. Det er ein heilt annan måte å arbeide på. Eg lærer meir om legemidla og får tettare kontakt med både sjukepleiarar og legar.
Administrerande direktør i Helse Fonna, Anders Hovland, trekte også fram det gode samarbeidet mellom sjukehuset og sjukehusapoteket. Han formidla også ønsket om at sjukehuset også framover skal vere ein arena for utprøving av nye løysingar innan legemiddelhandtering og -behandling.

- Eit mykje større omfang
Anne Marie har merka best utviklinga gjennom åra på omfanget av arbeidet og tenestene som apoteket utfører.
– Det er ein heilt annan arbeidskvardag i dag enn då eg byrja. No er arbeidsområdet mykje større Før leverte vi berre til sjukehuset her i Haugesund. No leverer vi mellom anna til Stord, Sauda, Odda og Valen. Heile spekteret er blitt mykje større, seier Anne Marie, som er stolt over og synes det er kjekt å ha vore med på denne utviklinga
Ei utvikling som elles har blitt ytterlegare forsterka med det nyaste avdelingstilskotet ved Sjukehusapoteket i Haugesund: eindoseanlegget, der legemiddel blir ompakka og merkte med nødvendige opplysningar før dei blir leverte vidare til Førde, Stavanger, Haugesund og Bergen.
Eit år i gymsalen
Historia om Sjukehusapoteket Haugesund er også ei historie om å halde drifta i gang under krevjande forhold.
Under ombygginga av apoteket i 2014, då dagens underetasje vart som den ser ut no, vart ting nesten snudd opp-ned ein periode. Produksjonen måtte gå føre seg i mellombelse lokale i ein annan del av underetasjen, mens sjukehusekspedisjonen måtte flytte til ein gymsal på sjukehuset.
Anne Marie meiner den mellombelse løysinga varte rundt eitt år, mykje lenger enn tenkt.
– Det var veldig trongt, men det fungerte. Eg trur likevel alle som arbeidde der inne, var glade den dagen vi kunne flytte ut og inn i dei nye lokala.
Det vart kallet hennar
For Anne Marie er det like fullt ikkje først og fremst nye lokale, teknologi eller større ansvarsområde som forklarer kvifor ho har blitt verande i 37 år.
– Det er ein givande jobb, og eg har og har hatt fantastiske kollegaer. I tillegg har vi leiarar som ser oss, og eit veldig godt arbeidsmiljø. Det betyr mykje.
Ho opplever at det samarbeidet går på tvers av avdelingane:
– Det er eit veldig godt samspel mellom alle. Det gjeld i heile apoteket.
Etter å ha vore med på 37 av apoteket sine 40 år er ho trygg på at ho valde rett.
– Det å arbeide på sjukehusapoteket blei på ein måte kallet mitt, smiler ho.
