Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Går av som administrerande direktør

Eit samla styre blei i dag informert om at Jon Bolstad har sagt opp stillinga som administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.

Publisert 08.06.2023
Et skilt på siden av en bygning
Jon Bolstad går av, etter seks år i stillinga som administrerande direktør.
En mann med briller
Jon Bolstad trur organisasjonen vil vere tent med eit leiarskifte. 

- Det har vore innhaldsrike, spennande og gjevande seks år i denne jobben. Samtidig har særleg dei siste månadane vore tøffe, ikkje minst for ulike leiarar og medarbeidarar, med mykje uro og sterkt press.  Difor tenkjer eg at organisasjonen akkurat no kan vere tent med ein annan ved roret for å ta arbeidet vidare. Dette har vore sentralt i dialogen eg har hatt med styreleiar og nestleiar. 

- Eg ønskjer å bidra til å gi organisasjonen dei beste føresetnadane til å byggje seg opp igjen etter ei krevjande tid. Avgjersla om å tre til side vart tatt utan kjennskap til resultatet av kartlegginga frå Deloitte. Eg meiner at Sjukehusapoteka Vest framover må ha ein administrerande direktør som kan vere enda tettare på og til stades i organisasjonen langt utover det eg ser som mogeleg for meg ut frå min situasjon, fortel Bolstad.

Takkar for innsatsen

Styreleiar Helge Torgersen har respekt for avgjersla til Bolstad og takkar han for bidraga og innsatsen som administrerande direktør.

- Eg har den største respekt for vurderinga og valet til Jon Bolstad.  På vegner av styret vil eg rette ein stor takk for arbeidet han har gjort for å styrke Sjukehusapoteka Vest som organisasjon og som bidragsytar til å levere gode helsetenester, ikkje minst i samspel med sjukehusa i Helse Vest, seier styreleiaren.

- Bolstad har også vore ein pådrivar for å utvikle og utvide sjukehusapoteka sine tenester, heile vegen med pasientsikkerheit og kvalitet for auge. Det er både etableringa av nasjonalt beredskapslager for legemiddel og det pågåande arbeidet med risikoområdet legemiddel i Helse Vest prov på. I hans tid som administrerande direktør har SAV også arbeidd med å utvikle eit prosjekt for å levere eindosar til sjukehusa, samt opna det første nye sjukehusapoteket i landet på mange år. Og han leia ein organisasjon som opprettheldt kvalitet på produkt og tenester til sjukehusa gjennom ein lang og krevjande pandemi.

 Styreleiaren har bedd Bolstad bidra til å utarbeide rapportar for å sikre viktige kunnskapsgrunnlag som Sjukehusapoteka Vest (SAV) vil ha særleg behov for, så Bolstad vil arbeide for SAV fram til og med 8. august 2023.

Jon Bolstad sjølv er takknemleg for tida i SAV.

- Eg vil takke styre, leiararar og medarbeidar for strålande innsats og samarbeid gjennom åra. Eg veit det er mange gode folk i SAV som vil ta organisasjonen vidare på ein måte som er til det beste for medarbeidarar, sjukehusa og pasientane.

Svanberg Jakobsen konstituert som administrerande direktør

En person iført en blå skjorte
Lene Svanberg Jakobsen blir konstituert i stillinga som administrerande direktør.

Styret har i møtet 8. juni konstituert Lene Svanberg Jakobsen som administrerande direktør. Ho har sidan 2008 hatt stillinga som apotekar for Sjukehusapoteket i Haugesund. Svanberg Jakobsen er utdanna cand.pharm. frå Universitetet i Oslo, med hovudfag innan galenisk farmasi/legemiddelproduksjon.

Ho har også bakgrunn som avdelingsleiar for produksjon og har heilt fram til i dag jobba aktivt i avdelinga. 48-åringen frå Haugesund har vore del av SAV si toppleiargruppa i  mange år og vore med på store og små endringar. Ho har også hatt to periodar som konstituert apotekar ved Sjukehusapoteket i Bergen. Den siste vart avslutta i januar 2021.

Svanberg Jakobsen er konstituert frå 8. juni.