Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Gjer det enkelt for pasientane å få medisinen sin

Sidan lanseringen i april har mange nytta seg av Sjukehusapoteket Vest sin nettbaserte løysning for å bestille klargjering av reseptmedisin.

Publisert 23.09.2016

Alt klart når du kjem

Sjukehusapoteka Vest utvikla og lanserte i april 2016 eit nettbasert bestillingssystem der pasientar, pårørande, kundar og helsepersonell kan bestille klargjering av reseptmedisin.

Det er no svært enkelt for kundane å hente ut legemiddel etter eit sjukehusopphald, ventetida på apoteka minkar og alt skal vere klart før kunden kjem til apoteket.

Brukarvennleg og enkelt

Spesialsjukepleiar Signy Enger Langeland på dagkirurgisk eining i Haugesund er ein av dei som nyttar den nye bestillingsløysinga. Ho er kjempefornøgd med at ho kan bruke ei langt enklare løysing og at ho slepp å vente på svar når ho ringer apoteket.

- Eg synest det nye bestillingssystemet er brukarvennleg og enkelt. Det er òg godt tilpassa avdelinga vår kor dei aller fleste pasientane får reseptmedisin etter operasjon, fortel Langeland.

- Og det er mykje enklare enn tidlegare når me måtte bestilla via telefon. Me treng ikkje eingong venta på svar, seier ho med ein smil.

En person som sitter ved et skrivebord

 Foto: Sjukehusapoteket i Haugesund

Pasientane ved eininga er òg godt nøgt med ordninga. Dei får som regel ei tekstmelding mens dei sit på postoperativ om at medisinane vert gjort klar.

Alle kollegaene hennar får opplæring i å bruka bestillingssystemet og alle pasientar på dagkirurgisk får tilbodet om å bestilla klargjering av resept frå sjukehusapoteket.

- Dei fleste pasientane hjå oss vel å bruka sjukehusapoteket når dei skal heim, nett på grunn av denne tenesta, fortel Langeland.


Det er enkelt å bestille

Å bestille klargjering er enkelt. Gå inn på Bestill klargjering av e-resept. Her får ein opp eit bestillingsskjema der ein legg inn:

  • namn
  • fødselsnummer
  • namn og eventuelt styrke på medisinen ein ynskjer
  • mobilnummer
  • kva tid ein ynskjer å hente medisinen på apoteket


Bestillar eller den det er oppgitt telefonnummer til, får ei SMS melding når alt er klart for henting.