Grete er årets medlem i Farmasiforbundet
Grete Eknes Kallekodt frå Sjukehusapoteket i Haugesund blei kåra til årets medlem i Farmasiforbundet i Parat under Farmasikongressen.

Prisen, som består av eit reisegåvekort frå Gjensidige på 5000 kronar, blei delt under Farmasikongressen på Gardermoen. Grete sat i salen og ante fred og ingen fare då nominasjonsteksten blei lest opp. Midtveis i presentasjonen skjønte ho teikninga.
- Eg ante jo ingenting, så eg skjønte ikkje heilt kven det var før litt ut i opplesinga. Då eg skjønte at det var meg dei snakka om var det like før eg reiste meg og gjekk ut, flirar Grete, som ikkje er spesielt glad i mykje merksemd.
- Det var litt skremmande å gå opp på den scenen. Eg blei heilt sett ut. Eg mista munn og mæle. Men det er sjølvsagt kjekt å bli nominert av eigne kollegaer, og ikkje minst bli valt ut blant alle dei nominerte. Farmasiforbundet har vel noko sånt som 3000 medlemmar, så eg ser på det som ei stor ære, seier Grete.
Stødig livskunstnar
Farmasiforbundet vart stifta tilbake i 1937 og organiserer i dag rundt 80 prosent av apotekteknikarar i Noreg. Forbundet er ein del av Parat, som ivaretar lønns- og tariffforhandlingar og rådgjeving og bistand til medlemmane.
«Grete er særleg god på kommunikasjon. Ho opptrer venleg og lavmælt, men ingen trenger å lure på kva ho meiner. Alltid sakleg og med eit glimt i auget. Vi set stor pris på ho som stødig kollega, livskunstnar, og alt ho bidrar med til beste for eit godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen», heiter det i nominasjonen. Denne teksta blei skrive av kollega Åse Marie Morland.
- Eg er ikkje aleine om denne nominasjonen. Det var eit fellesprosjekt frå oss apotekteknikarar. Men eg blei bedd om å skrive nokre ord om Grete.
- Det var veldig kjekt at ho vann prisen. Det var veldig fortent. Ho er ei behageleg og super dame, strålar Åse Marie.
Kreativ humørspreiar
Grete har jobba ved Sjukehusapoteket i Haugesund sidan 2001 og er ein kollega som mange set stor pris. Apotekar ved Sjukehusapoteket i Haugesund, Maria Areklett, kjenner Grete godt og er full av lovord.
- Ho er ein medarbeidar som bidrar med så mykje. Forutan å vere ein trufast og dyktig produksjonsteknikar har ho òg solid erfaring med trallelegging på Famed, no òg på Stord.
- Grete engasjerer seg i sine kollegaer på fleire måtar. Ho er for tida tillitsvalt og taler kollegaene si sak på ein ryddig og god måte. Ho er medlem av velferdskomiteen og bidrar med sine kreative påfunn og steller i stand flotte festar og gøyale påfunn i kvardagen.
- Grete har eit blikk for dei små tinga rundt seg. Ho kan til dømes dele opplevingar frå ein heilt vanleg fjelltur eller fridag og minne oss andre på kor viktig det er å stoppe opp, puste med magen, studere og nyte det som er rundt oss, seier Maria.