Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Han blir ny apotekar på Sjukehusapoteket i Bergen

Waled Al-Zayadi er tilsett som ny apotekar på Sjukehusapoteket i Bergen. Han startar i stillinga etter sommaren.

Publisert 31.01.2024
En mann som smiler til kameraet

- Eg  ser verkeleg fram til å leie den fantastiske kompetansen som Sjukehusapoteket i Bergen har, seier Waled. 

Han kjem til oss og stillinga med ni års erfaring som apotekar. Flesteparten av dei i Apotek 1,og sist no som apotekar for eit nettapotek. 

Utdanninga og mastergrada si i farmasi har han frå Universitetet i Oslo, byen der 35-åringen også har budd mesteparten av livet. 

No ser han fram til å  leie Vestlandets største farmasimiljø i Noregs nest største by. Sjukehusapoteket i Bergen har rundt 150 medarbeidarar og arbeidar tett på og med Helse Bergen og Haukeland Universitetssjukehus.

- Vi skal utvikle vidare våre gode tenester og løyse samfunnsoppdraget på ein måte som viser seg att i gode opplevingar for både sjukehus og pasient, seier Waled. 

Som apotekar på Sjukehusapoteket i Bergen blir Waled også ein del av toppleiargruppa i Sjukehusapoteka Vest, leia av administrerande direktør Tonje Folkvang. Ho er svært nøgd med at Waled takka ja til stillinga.

- Vi er glade for at Waled blir vår nye apotekar i Bergen og ein del av laget vårt i Sjukehusapoteka Vest. Han kjem til oss med ein solid og spennande bakgrunn, og eg er trygg på han vil bidra til å utvikle både apoteket og føretaket i god retning vidare. 

Waled startar truleg i stillinga 1. august. Han etterfølgjer då Ken Tesaker, som har vore konstituert i stillinga sidan juni 2023.