Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Han er vår nye apotekar i Førde

Lars Kjetil Spencer Gloppestad er tilsett som ny apotekar ved Sjukehusapoteket i Førde. Han startar i stillinga i midten av august 2026.

Publisert 13.04.2026
En glassdør i en bygning

-Dette ser eg skikkeleg fram til. Eg gler meg først og fremst til å bli kjent med kollegaene i Førde og til å vere med og utvikle det viktige arbeidet sjukehusapoteka gjer i helsetenesta, seier Lars Kjetil.

Han tar dermed over etter Vesna Lien, som har vore konstituert som apotekar i Førde sidan mai i fjor.

Brei erfaring

Nordfjordingen Lars Kjetil er utdanna provisorfarmasøyt frå Universitetet i Bergen og kjem til oss med brei erfaring frå både apotekdrift, leiing og kommunehelsetenesta.

En mann som tar en selfie
Lars  Kjetil Spencer Gloppestad (foto: privat)

Etter fleire år i Boots, der han leia ulike apotek og arbeidde med alt frå multidose og logistikk til kvalitetsarbeid, gjekk han vidare til Bergen kommune som kommunefarmasøyt.

Der var han sentral blant anna i innkjøpsarbeid, handteringa av pandemien, inkludert vaksinasjonsdelen, og utprøving av pasientens legemiddelliste (PLL). 

Dei siste åra har han jobba som apotekfarmasøyt i heimkommunen Sandane, som han flytta tilbake til i 2022. 

-Kjenner faget og leiargjerninga

Som apotekar ved Sjukehusapoteket i Førde blir Lars Kjetil også ein del av toppleiargruppa i Sjukehusapoteka Vest (SAV).

Administrerande direktør Tonje Folkvang er godt nøgd med nytilsetjinga og gledar seg til å ha han på plass i stillinga frå 17. august.

-I Lars Kjetil får vi ein apotekar som kjenner leiargjerninga og faget godt, både i heilskapen og i detaljane. Eg er trygg på at han vil bidra positivt til vidare utvikling av både Sjukehusapoteket i Førde og Sjukehusapoteka Vest i stort, seier Tonje.