Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Imponerande medisinstart-år for Sjukehusapoteka Vest

Sjukehusapoteka Vest imponerte stort i medisinstart-konkurransen med førsteplass i ti av tolv månader, samla sett. – Dette er eit resultat av godt lagarbeid mellom apoteka, seier fagsjef for publikum.

Publisert 22.03.2023
En gruppe mennesker som holder et skilt
​​Sjukehusapoteka Vest har jobba aktivt med å fremje medisinstart-tenesta sidan hausten 2021. Då fekk Farmasøytane tilbod om sertifisering, medan apotekteknikarane fekk instruks om å reklamere for tenesta. Utpå nyåret i 2022 kunne ein sjå tydelege resultat av satsinga, der Sjukehusapoteket i Stavanger var nest best i landet i januar, og deretter best i landet i februar.

Når 2022 no oppsumerast kan vi sjå at Sjukehusapoteka Vest tok heile ti førsteplassar, av tolv moglege, i tillegg til seks andreplassar. Dermed var vi det beste sjukehusapoteket i Noreg, med klar margin. Fagsjef for publikum, Hans Christian Svendsen skryt av dei tilsette for den gode innsatsen.

- Avdelingane er flinke til å prioritere og til å sjå nytteverdien for kundar og pasientar. Dei brenn for tenesta og for å fremje faget. Dei ser at vi kan utgjere ein forskjell ved å tilby dette.

- Vi veit at kvardagen i apoteket kan vere ganske travel no når kundane er tilbake etter pandemien. I tillegg til at bemanningssituasjonen har gjort ting ekstra krevjande i 2022. Dette gjer resultata ekstra imponerande, seier han. 

Felles innsats

Sjølv om apoteka i Helse Vest til dels har konkurrert mot kvarandre seier Hans Christian at godt lagarbeid har vore det viktigaste for å oppnå desse gode resultata.

- Vi har tatt dette oppe på dei månadlege faggruppemøta våre, kor vi har hatt erfaringsutvekslingar og apoteka har fått hjelp til å komme i gang.  Vi har funne gode løysingar saman, og det trur eg har vore nøkkelen til suksess, seier han.

- Dette er ein felles innsats på apoteket. Både apotekteknikarar og farmasøytar er involvert. Apotekteknikarane rekrutterer kundar til tenesta i kundemøtet og farmasøytane må finne tid i kvardagen til å gjennomføre samtalene.

Hans Christian legg likevel ikkje skjul på at konkurransen i seg sjølv har vore ein fin drivar for å lukkast med medisinstart.

- Ja, utan tvil. Men samstundes finst det ingen smørjing for vinnarane. Det er ikkje meir i potten enn heider og ære, understrekar fagsjefen.

​- Toppen er ikkje nådd


På spørsmålet om toppen er nådd er Hans Christian klar i sin spådom.

- Jo meir erfaren ein blir i tenesta, jo meir kapasitet får vi. Så eg trur ikkje vi har sett toppen.

- Poenget er likevel ikkje å få fleire og fleire kvar månad, men å organisere tenesta i apoteket på ein slik måte at vi kan få til flest mogleg samtalar kvar månad, og at det blir ein naturleg del av drifta. Og det har dei vore flinke til.

Hans Christian seier dei no ser på moglegheita for å støtte opp under tenesta med eigne årsverk.

- Neste trinn er å diskutere om det skal vere eigne stillingar i apoteka som jobbar med dette. Men då må det vere på økonomisk trygg grunn, avsluttar han.