Kva hud-type har du?
Det er alltid viktig å verne seg for sola. Nokon blir lett solbrend mens andre kan tole sola litt betre.
Publisert 08.04.2019
Sist oppdatert 27.04.2023
Hudtypen blir kjenneteikna ved fleire trekk, blant annan hårfarge og graden av lys hud. Ein skil ofte mellom fire ulike hudtypar.
Hud-type 1
- Lys hud, ofte med frekner
- Blondt eller raudtona hår
- Blå eller grøne auge
- Huda er ekstremt sensitiv for sol, blir alltid solbrend, og det er vanskeleg for å bli brun
- Bruk heller sjølvbruningskrem dersom det er viktig for deg å få ”farge”
Hud-type 2
- Lys hud, men litt mørker enn hud-type 1
- Blondt eller mørkt blondt hår
- Blå auge
- Huda er sensitiv for sol, har vanskeleg for å bli brun og blir lett solbrend
Hud-type 3
- Litt mørkare hud
- Mørkt blondt eller brunt hår.
- Fleire augefargar
- Huda er berre delvis følsam for sol, har lett for å bli brun, og brunfargen sit i lenge
Hud-type 4
- Lys brun hud
- Mørkt brunt eller svart hår
- Mørke auge
- Huda er robust, blir lett brun og brunfargen sit lenge
Sjukehusapoteket kan gje råd om riktig solpleie tilpassa din hud-type.