Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Lanserer digitalt spel om utrekning av legemiddeldosar

​Rett dose er eit enkelt og artig spel om å berekne rett mengd medisin til pasienten. Prosjektet bak spelet håpar det kan bidra til merksemd på viktigheita ved legemiddelrekning.

Publisert 23.10.2023
Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon, Teams
Biletet frå startsida til spelet.

​Rett dose rettar seg i første rekke mot sjukepleiarar – og anna helsepersonell – som gjer i stand legemiddel. Du kan spele det kvar og når som helst i nettlesaren din på mobil, nettbrett og PC.  

- Vi veit at spel kan vere ein god måte å lære på. Difor har vi forsøkt å skape eit lite og artig digitalt univers, der spelaren som ein bonus får med seg noko nyttig. Vårt ønske er at det blir nokre morosame minutt, som samtidig rettar merksemda mot viktigheita av rett legemiddelrekning, seier Tonje Folkvang. 

Spelet er laga som del av arbeidet med risikoområdet legemiddel (ROMLE) i Helse Vest, som Tonje Folkvang er prosjektleiar for.  Tonje var tidlegare apotekar på Sjukehusapoteket i Stavaner, no er ho til vansleg fagsjef for kvalitet og pasientsikkerheit i Helse Stavanger. 

Risikoområdet legemiddel har vore eitt av fem risikoområde i Helse Vest dei siste åra. Sjukehusapoteka Vest har hatt og har ansvaret med å leie dette arbeidet i regionen.

Hovudmerksemnda i ROMLE har lege på områda der det er størst fare for stor skade – og legemiddel og pasientgrupper som er forbundne med størst risiko. 

Spel Rett dose!

Feil dose kan få alvorlege konsekvensar

Feil dosering kan ha ulike konsekvensar. For lite medisin gir ikkje den ønska effekten, for mykje kan vere skadeleg.
  
- Både nasjonale data og eigne funn i Helse Vest viser at «feil dose» er blant dei utilsikta hendingane som oftast går igjen på legemiddelområdet,nokre gongar dessverre også med alvorleg utfall for pasienten, seier Folkvang.

Lanserer med eit lite stunt

Spelet er utvikla av Helse Vest IKT, i samarbeid med helsepersonell i Helse Vest. Farmasøytar i Sjukehusapoketa vest har bidratt med å lage oppgåver til spelet.

Måndag 23. oktober blir spelet lansert. Og det med eit lite stunt.  

- Vi hadde lyst å spele vidare på eit visuelt element som går att i spelet. Det elementet i fysisk form saman med ein QR-kode til spelet, blir delt ut via sjukehusapoteka sine leveransar til avdelingane på sjukehusa i Helse Vest denne veka, smiler Folkvang.

Ny versjon av e-læringskurs

- Vi håpar spelet bidrar til større merksemd og kunnskap om utrekning og fortynning av legemiddeldosar og i eit større bilde medverkar til å styrke pasientsikkerheita, seier Folkvang, som understrekar at spelet er eit supplement til anna læring. ​​

Folkvang nyttar i så måte også høvet til å seie at det har kome ein ny versjon av e-læringskurset for legemiddelutrekning i Læringsportalen til Helse Vest.
  
- Ta gjerne spelet saman med kurset, oppmodar Folkvang til slutt.