Marit er ny apotekar i Stavanger

Marit Ravndal er tilsett som ny apotekar ved Sjukehusapoteket i Stavanger. Ho kjem frå stillinga som avdelingsleiar for produksjon.​

Publisert 05.06.2023
En person som bruker briller
Marit Ravndal kjem frå stillinga som avdelingsleiar for produksjonen i Stavanger. No er ho klar for nye utfordringar.

​- Eg har gått med sommarfuglar i magen sidan eg fekk beskjeden, og eg gler meg veldig til å gå inn i den nye rolla, seier Marit.

Marit frå Sandnes starta ved sjukehusapoteket i Stavanger i mars 2020, midt under koronaen. Ho har farmasiutdanninga si frå Sunderland i England og har tidlegare vore blant anna apotekar ved Apotek 1 Hjorten i Stavanger, bestyrar ved Apotek 1 Mariero i same by og 4 ½ år som farmasøyt i HELFO.

Men no kjem ho altså frå stillinga som avdelingsleiar for produksjonen i Stavanger.

- Det trengst ei omstilling frå mi side, men eg tar definitivt med meg gode erfaringar og nyttige perspektiv, seier ho om overgangen.

Administrerande direktør Jon Bolstad i Sjukehusapoteka Vest er også nøgd med at Marit blir apotekar.

- Vi er veldig nøgd med at Marit har takka ja til stillinga. Ho har med seg god erfaring som leiar og ein kjennskap til apoteket i Stavanger som blir viktig og verdifull framover.

Marit etterfølgjer Tonje Folkvang, som har hatt stillinga som apotekar i Stavanger i ti år. Sidan august 2022 har Tonje jobba fulltid som leiar for Helse Vest-prosjektet ROMLE (risikområde legemiddel). I den perioden har Lise Katri Andersen vikariert som apotekar for Tonje. Sistnemnde har nettopp starta i ny jobb i Helse Stavanger som fagsjef for kvalitet og pasientsikkerheit. 

Som apotekar for Sjukehusapoteket i Stavanger vil Marit leie eit av dei største farmasifaglege miljøa på Vestlandet – og  vil blant anna arbeide tett på Helse Stavanger og Stavanger Universitetssjukehus for å finne gode løysingar for pasienten. 

- Vi skal halde fram å vere ei livsnødvendig brikke på sjukehuset, og vi skal byggje eit nytt sjukehusapotek i det nye sjukehuset på Ullandhaug, seier Marit om noko av det som blir viktig framover. 

Marit startar etter planen i stillinga 1. september.