No opnar vårt nye sjukehusapotek
Vi får vårt sjette sjukehusapotek når Sjukehusapoteket Våland startar opp i Stavanger 10. november. Apotekar Marita Hanasand ser fram til å bygge eit nytt team og eit sterkt fagmiljø saman med seks nye kollegaer.

Det skjer mykje i Stavanger i desse dagar. Sjukehusapoteket i Stavanger, med nesten 100 medarbeidarar, flyttar frå Våland-delen av Stavanger universitetssjukehus til den nye delen av sjukehuset som opnar på Ullandhaug 16. november.
På Våland kjem det eit nytt sjukehusapotek, med det passande namnet Sjukehusapoteket Våland- Her skal apotekar Marita Hanasand (heilt til venstre på bildet) leie eit lag på seks medarbeidarar, alle rekrutterte utanfrå og nye i sjukehusapoteksamanheng.
Hektiske innspurtsdagar
Sjukehusapoteket Våland skal ha ein sjukehusekspedisjon og eit publikumsutsal, det siste der dagens publikumsutsal på Sjukehusapoteket i Stavanger har vore.
Sjukehusapoteket Våland startar opp drift måndag 10. november. For apotekar Marita er innspurtsdagane fylte med å få på plass logistikk, IKT-system, opplæring og meir til.
– Akkurat no er det mykje armar og bein, men vi skal bli så klare som vi kan til vi opnar, seier ho med eit smil.
Sjukehusapoteket Våland blir det sjette apoteket i Sjukehusapoteka Vest og det 37. i landet. Marita sjølv kjem til oss med over ti års erfaring som apotekar frå Vitusapotek på Randaberg.
Ho brenn for kvalitet og pasientsikkerheit og har likt det første møtet med spesialisthelsetenesta og SAV.
Hjelpsame kollegaer
– Det å kome inn i ein ny organisasjon har vore veldig positivt. Eg har berre møtt kollegaer som er så kompetente, tilgjengelege og utruleg hjelpsame, sjølv om mange har det ganske så travelt sjølv, seier Marita, og tenkjer især på dei på Sjukehusapoteket i Stavanger som står på flyttefot.
-Det gjer både meg og oss tryggare heilt frå starten av å kjenne og vite det.
Alle dei sju ved Sjukehusapoteket Våland kjem altså utanfrå, noko Marita ønskjer å bruke som ein styrke.
– Det gir oss friske auge og nye perspektiv. Vi startar på mange måtar med blanke ark, og det gir oss saman ei unik moglegheit til å bygge både kultur, kvalitet og tillit frå første dag, seier ho.
Like fullt er ho tydeleg på kva som blir det viktigaste i starten.
– Første prioritet er at vi får opp trygge og presise leveransar av legemiddel til avdelingane på sjukehuset her på Våland og kjem godt i gang med publikumsutsalet. Og så får vi ta mål av oss å utvikle tilbodet og tenestene våre etter kvart.