Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

No skal SAV teste 3D-printing av legemiddel

Sjukehusapoteka Vest har fått levert ein 3D-printer av legemiddel for uttesting i eit år. Teknologien skal gjere det enklare å gi rett dose til kvar pasient og er spesielt relevant for barn.

Publisert 08.09.2026
Ragnhild holder opp en blisterpakke med den første 3d-printede geleklumpen.
Ragnhild Haugse viser fram ei blisterpakke med 3D-printa legemiddel.

I fjor fekk Sjukehusapoteka Vest tildelt innovasjonsstøtte frå Helse Vest for å utforske bruk av 3D-printing av legemiddel til barn. Sidan då har ei gruppe med tilsette jobba med å finne den rette leverandøren av teknologien, undersøke erfaringar frå andre sjukehus og forsøke å få ein oversikt over kva legemiddel som vil fungere godt til 3D-printing.

No har SAV endeleg fått levert ein 3D-printer frå det finske selskapet CurifyLabs, som nyleg var på besøk for å installere printeren og hjelpe til med opplæring i korleis den skal brukast.

- Med tradisjonelle tablettar har du eit avgrensa utval av styrkar på tablettane. Men med desse 3D-printarane er det mogleg å lage tablettar med persontilpassa dosering til pasientar som treng det. Vi menneske kjem i ulike storleiker og med ulike behov, og med denne teknologien kan vi tilpasse doseringa til pasienten. Dette er naturlegvis spesielt aktuelt når det kjem til barn, fortel prosjektleiar, Ragnhild Haugse.

- No til å begynne med har me berre finansiering til å leige denne maskinen i eit år. Men vi håpar at dette kan vere starten på noko nytt, seier ho.

Saka held fram under biletet

En hånd holder opp en geleklump med en 3d-printer i bakgrunnen.
Denne geleklumpen inneheld medisinar, men smakar meir som ein gummibjørn.

No skal det testast

For å produsere tablettar til pasientar med 3D-printaren må ein ha tilverkarløyve og følgje krava for produksjon av ikkje-sterile legemiddel i apotek. På Sjukehusapoteket i Bergen har Ragnhild saman med kvalitetsleiar Aleksandra Silic og kontrollfarmasøyt Silje Grinde derfor rigga seg til i eit tilgjengeleg produksjonsrom. Då 3D-printaren blei levert i slutten av august følgde det med montering og opplæring frå ein finsk farmasøyt.

- Han har no installert den og gjort ein akseptansetest, i tillegg til ein installasjonskvalifisering og ein operasjonskvalifisering og så har vi fått opplæring.  No har vi printaren tilgjengeleg i eit år, så da er planen å gjere mest mogleg av det vi har sagt at vi skal gjere.

- I tillegg til dei kvalifiseringane som leverandøren har gjort kjem vi til å gjere våre eigne kvalifiseringar og mellom anna å få sendt eit ferdig produkt til analyse for å sjå at tablettane som vert produsert har rett dose. Det er nøydd til å vere rett dose i kvar tablett, seier Ragnhild.

Mange bruksområde

Det neste året vil prosjektgruppa, som i tillegg til Ragnhild, Aleksandra og Silje også inkluderar barnefarmasøytane Margrete Einen og Gunn-Therese Lund Sørland, jobbe med å undersøke kva som skal til for implementering i klinikk og å finne ein produktportefølje slik at ein kan tilby spesialdoseringa til så mange pasientar som mogleg.

- Eg har tru på konseptet. Utfordringa er å få eit stort nok produktutval, raskt nok. No har vi printaren på lån i eit år og så skal vi i utgangspunktet over i drift. Då bør vi ha ein produktportefølje med mange nok pasientar å produsere til, slik at det betalar kostnadene ved å ha printaren.

3D-printing av legemiddel er framleis eit felt under utvikling rundt omkring i verda, men det er framleis behov for meir kunnskap og forsking på implementering av teknologien i klinisk praksis. Men Ragnhild trur ein berre har rørt ved overflata.

- Det kjem stadig nye bruksområde og formuleringar. Eg har tru på at dette kan brukast til mykje, seier Ragnhild.

Ragnhild Haugse lener seg over 3d-printeren for å montere sprøyten som inneholder geleen med virkestoffet.
Ragnhild Haugse gjer klar 3D-printaren til å skrive ut nye legemiddel.