Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Nytt styre oppnemnd i SAV

Sjukehusføretaka i Helse Vest og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte 30. januar. I Sjukehusapoteka Vest var det imidlertid ingen endringar.

Publisert 31.01.2024

Styra i helseføretaka er øvste ansvarlege organ i føretaka. Dei skal leggje til rette for at helseføretaka gir gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga. Dei årlege oppdragsdokumenta og styringsdokumenta dannar grunnlaget for styra.

Styret i Sjukehusapoteka Vest HF (SAV) har ni medlemmer, der seks er eigaroppnemnde og tre medlemmer er valde av og blant dei tilsette. 

Helse Vest RHF er eigar av SAV, og det var dei seks eigaroppnemnde styremedlemmane som vart oppnemnde tysdag 30. januar. 

Desse er dei same seks som også utgjorde dei eigaroppnemnde styremedlemmane i slutten av forrige periode. Det vil også seie at Helge Torgersen held fram som styreleiar og Arve Varden fortsett som nestleiar.

Dette er dei seks eigaroppnemnde styremedlemmane i SAV

  • Styreleiar Helge Torgersen
  • Nestleiar Arve Varden
  • Styremedlem Anders Hovland
  • Styremedlem Helle Schøyen
  • Styremedlem Clara Beate Gram Gjesdal
  • Styremedlem Ina Nikoline Wille

I tillegg sit altså tre medlemmar frå SAV som er representantar for og valde blant dei tilsette. 

Desse er:

  • Hilde Fossmark Helvig
  • Sissel Reigstad
  • Siri Bergsholm Bjørhovde

Og så er det tre vararepresentantar for dei igjen:

  • ​Marianne Heggø Hansen
  • Mona Engelund
  • Espen Frøvold

Helge Torgersen kom inn som styreleiar våren 2023, mens Olav Klausen gjekk ut etter mange år som medlem og nestleiar hausten same år. Inn i staden for Klausen kom då Anders Hovland, adminstrerande direktør i Helse Fonna.​ I tillegg gjekk også Ola Jøsendal (Helse Vest RHF) ut av styret på same tidspunkt. Han vart erstatta av​ Ine Nikoline Wille, utdanna cand.med. og lege og spesialrådgjevar i Helse Vest RHF, som også er med vidare i styret.