logo Sjukehusapoteka Vest

Overfører sterilproduksjon til Sykehusapoteket Oslo

Det siste året har produksjonen ein del av dei sterile legemidla ved Sjukehusapoteket i Bergen blitt flytta til Sykehusapoteket Oslo, Rikshospitalet. No er det beslutta å overføre også dei resterande produkta.

Publisert 01.10.2024
Eksteriør verkstedbygget på Haukeland. Foto

Det siste året har produksjonen ein del av dei sterile legemidla ved Sjukehusapoteket i Bergen blitt flytta til Sykehusapoteket Oslo, Rikshospitalet. No er det beslutta å overføre også dei resterande produkta.

Produksjon av sterile legemiddel har sidan 2010 vore delt mellom Sjukehusapoteket i Bergen (SiB) og Sykehusapoteket Oslo, Rikshospitalet (SAO-R). Produkta dei to sjukehusapoteka lagar dekkjer til saman det nasjonale behovet for denne typen legemiddel.


Ei samla vurdering


- Avgjerda om å flytte dei resterande produkta er basert på ei samla vurdering av dagens drift, ei stadig mindre produksjonsmengd, standard på noverande lokale og utstyr og kostnaden ved å etablere nye lokale og utstyr for steril produksjon i nytt apotek på sikt, seier administrerande direktør Tonje Folkvang.


Tilsyn frå det dåverande Legemiddelverket i 2023 avdekka manglar ved produksjonsavdelinga hos SiB. Som følgje av det blei det hausten 2023 inngått ein avtale med SAO-R om midlertidig overføring av delar av produksjonsporteføljen frå SiB, for å sikre kontinuitet i leveransane.


Første halvår 2024 har det blitt arbeidd med å avklare om denne produksjonen skulle byggjast opp igjen ved SiB eller bli overført i sin heilskap til SAO-R, som har bekrefta at dei har kapasitet til å ta over all produksjon.


På bakgrunn av arbeidet gav dåverande konstituert apotekar ved SiB ei innstilling til administrerande direktør om å avslutte all produksjon av sterile legemiddel (magistrell og lagerholdsproduksjon) ved SiB og overføre dei resterande produkta til SAO-R.


Startar overføring så snart mogeleg

Det er denne innstillinga administrerande direktør Tonje Folkvang har beslutta å følgje. Overføringa av dei resterande produkta vil starte så snart mogeleg og skje gradvis over ein periode på ni til tolv månader.

Alle medarbeidarar knytt til den sterile produksjonen ved SiB er ønska med vidare til andre oppgåver og område i produksjonsavdelinga.

Sjukehusapoteka Vest har gjennom prosessen hatt tett dialog med Helse Bergen for å vurdere behov for ulike tiltak for å sikre kontinuitet i forsyning av aktuelle legemiddel. Framover vil også sjukehusapoteka nasjonalt gjere eit arbeid med mål om å sikre forsyningssikkerheitfor denne typen sjukehusapotekframstilte legemiddel på lengre sikt