logo Sjukehusapoteka Vest

SAV har fått eige brukarutval

For første gong har Sjukehusapoteka Vest fått eit brukarutval. I august hadde utvalet eit introduksjonsmøte, der dei møte administrasjonen og fekk omvisning på Sjukehusapoteket i Bergen

Publisert 13.09.2024
Bilde av brukerutvalget i Sjukehusapoteka Vest. De står sammen som en gruppe på fem og smiler, med administrerende direktør, Tonje Folkvang ved siden av seg.

Brukarutvalet sitt formål er å ta vare på pasientar og pårørande sine interesser og vere ein pådrivar i forbetring av tenestene i Sjukehusapoteka Vest (SAV).

Det er styret i SAV som oppnemner utvalet - som skal fungere som eit rådgjevande organ for administrerande dirkektør og styret i spørsmåla og saker relaterte til brukarane. 

Utvalet består av fem medlemmer og fire varamedlemmer.

- Medlemmane i utvalet representerer ulike stemmer og perspektiv som kan gi oss verdifull innsikt om korleis våre tenester og bruk av legemiddel blir opplevd av brukarane. Dei sit på erfaringar som i neste omgang kan bidra til å styrke oss og kvaliteten på det vi leverer, seier administrerande direktør Tonje Folkvang. 

Fem av dei ni medlemmane var i august på eit introduksjonsmøte i Bergen i august  (sjå bildet over, inkludert Tonje til venstre), der dei vart bedre kjent med kven og kva SAV er. Introduksjonen inkluderte også ei omvisning på Sjukehusapoteket i Bergen. 

Les meir om mandatet og møteplanen til brukarutvalet på nettsidene våre!

Dette er medlemmane i utvalet:

2024

Marit Rossehaug, leiar, Kreftforeningen

Sylvi Leirvåg, nestleiar, Norges Handikapforbund (NHF)

John-Egil Davidsen, Pensjonistforbundet

Karoline Rørtveit Thorbjørnsen, Diabetesforbundet

Merethe Landaas, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL)

 

Varamedlemmer

Odd Egil Salte, Kreftforeningen

Jannicke Andersen, LHL

Elisabeth Bjørheim Salte, Norges Astma og allergiforbund (NAAF)

Det pågår arbeid med få på plass eit fjerde varamedlem