SAV og UiB lagar nytt masterkurs om kreftbehandling
Sjukehusapoteka Vest har i samarbeid med Universitetet i Bergen fått ein halv million kronar til å utvikle eit nytt etterutdanningskurs om kreftbehandling for farmasøytar. Håpet er at kurset skal stå klart hausten 2026.

Kurset har endå ikkje fått eit formelt namn, men er eit etter- og vidareutdanningskurs (EVU) for farmasøytar på masternivå. Kurset blir utvikla av Aase M. Raddum ved Senter for farmasi på Universitet i Bergen (UiB) og Frank Jørgensen frå Sjukehusapoteket i Bergen (SAV). SAV har fått ressurser til frikjøp tilsvarande ei 20 % stilling i eit halvt år.
- Initiativet dukka opp gjennom våre halvårlege samarbeidsmøte med UiB , Senter for farmasi. Då kom behovet for dette kurset opp som et initiativ frå oss, fordi det er eit stort behov i sjukehusapotekføretaka å få eit etterutdanningskurs innanfor kreftfeltet. Mellom anna for kliniske farmasøytar på post og for produksjonsfarmasøytane våre, seier fagsjef Randi Nyhammer-Taklo.
I fjor haust kom dei over ei mogelegheit gjennom ordninga «UiB videre», kor ein kunne søkje om støtte til å få gjennomført eit slikt initiativ. Senter for farmasi og SAV utarbeida ein søknad i samarbeid, og fekk napp.
- Vi og UiB har fått 500 000 til utvikling av kurset. Det er eit viktig underlag for at vi faktisk skal få dette til, både frå UiBs side og frå vår side. I ein travel kvardag med stram økonomi er vi heilt avhengige av å kunne få frikjøpe ressursar til å gjennomføre dette, seier Randi.
Kurset vil vere eit masterkurs med 10 studiepoeng og vil vere open for påmelding for farmasøytar frå heile landet, særleg frå sjukehusapotek.
- Vi har nok ei ganske stor gruppe farmasøytar hos oss i SAV som vil ha stor nytte av å ta dette kurset, seier Randi.
På bølgjelengde
Kva som skal vere med i kurset skal Frank og Aase jobbe med denne hausten. Hensikta med kurset er at deltakarane skal kunne nok om det dei ikkje arbeider med til dagleg, slik at det oppstår tett, trygg og effektiv samhandling mellom farmasøytar på tvers av arbeidsstad, og mellom pasientar/pårørande, farmasøytar og andre helseprofesjonar.
- Kurset vil mellom anna sjå nærmare på kreft generelt og nokre av kreftsjukdommane spesielt, vi vil sjå på behandling med fokus på medikamentell behandling hos vaksne og barn, pasientanes erfaringar på godt og vondt, tilverknad og handtering av legemiddel og legemiddeløkonomi, fortel Frank.
Om alt går etter planen kan deltakarane melde seg opp til hausten 2026.
- Om vi kjem i mål med utviklingen av kurset slik det er tenkt kan vi ha dette kurset klart allereie hausten 2026. Det er eit ambisiøst mål, men det er det vi håpar på, seier Frank.
Vi vil følgje utviklinga rundt dette kurset vidare her på SAVisa, og kjem tilbake med ei oppdatering seinare.