Silje er årets medlem i Farmasiforbundet
Silje Chatrine Stokke frå Sjukehusapoteket i Stavanger blei denne helga kåra til årets medlem i Farmasiforbundet.

Då tida var komen for å dele ut prisen som årets medlem i Farmasiforbundet under Farmasikongressen, gjekk forbundsleiar Bodil Røkke på scena for å seie nokre ord om vinnaren.
– Det siste året har arbeidsplassen hennar vore gjennom store endringar. Midt i denne prosessen har årets medlem vore ei samlande kraft. Ho har bidradd til å halde humøret oppe og skape trivsel når kvardagen har vore ekstra krevjande. På eiga initiativ har ho òg skapt nye møteplassar og sosiale tiltak som bringer folk saman. Mellom anna gjennom gjenbruk og klesbyte, som både har styrka fellesskapen og gjort arbeidsplassen litt meir berekraftig.
I salen satt ei intetanande Silje Chatrine Stokke frå Sjukehusapoteket i Stavanger. Ho hadde tatt turen bort til Jessheim, saman med 11 av sine kollegaer i Stavanger.
- Eg sat i salen og åt middag. Så begynte dei å snakke om denne fantastiske kollegaen sin. Eg og kollegaen min ved bordet tenkte berre «for ein heldig gjeng som har ein så flott kollega». Så begynte dei å snakke om knekkebrød, leverpostei og kosekroken som eg har laga på jobb. Så skjønte eg at det var meg dei prata om, flirar Silje.
- Eg fekk heilt sjokk. Eg har verdas beste kollegaer. Eg begynte å hylgrine, for eg blei så glad. Det var heilt sjukt å komme opp på scena og sjå alle dei som stod og klappa. Eg begynte å grine endå meir. Det var heilt fantastisk, seier ho.
Silje blei rosa for sitt gode humør og unike evne til å spreie glede på arbeidsplassen.
– Årets medlem skapar trivsel. Bygger fellesskap. Spreier glede. Og minner oss om at fagforeiningsarbeid ikkje berre handlar om saker og prinsipp, men òg om å ta vare på kvarandre i kvardagen, sa Bodil Røkke frå scena.
Driftig gledesspreiar

Då sjukehusapoteket blei flytta til Ullandhaug, viste det seg å vere langt til nærmaste matvarebutikk. Men Silje var kjapp på labben med å opprette ein kosekrok kor kollegaene kunne få påfyll av energi gjennom ein muslibar, ein sjokolade eller nokre nudlar. Eit tilbod som ho sette opp heilt utan prispåslag og har drifta heilt sidan starten.
Seinare har ho etablert ein gjenbrukskrok, der folk kan gi bort klede som dei ikkje treng lenger. Silje er ikkje berre ein gledespreiar, men òg ei driftig dame som får ting gjort.
- Eg er vel ein gledesspreiar. Eg likar at dei rundt meg har det bra. Eg tar gjerne ein for laget for at folk skal ha det bra på jobb. Om det er nokon som er sliten, så tar eg gjerne ei ekstra belastning for å hjelpe til.
- Det er berre naturleg for meg å vere sånn. Då vi flytta hit til Ullandhaug, var det mykje som var nytt. Då har eg forsøkt å gå føre med ei positiv haldning, i håp om at det smittar over på andre.
- Eg likar å glede folk og vere smilande og blid på fritida. Berre det å få eit smil tilbake er nok betaling for meg, seier Silje.
Silje har jobba i Sjukehusapoteket i Stavanger i til saman 17 år, gjennom to opphald. Ho kom tilbake i 2020, etter ein tur ute i det private.
- Eg angrar ikkje ein dag på at eg kom tilbake. Vi er ein skikkeleg god gjeng. Til å vere så mange tilsette er vi veldig samansveisa. Alle pratar med alle.