Sjukehusapoteka Vest involvert i ny etterutdanning for apotekteknikarar
Sjukehusapoteka Vest jobbar no saman med Fagskolen Diakonova om å lage eit nytt etterutdanningskurs for apotekteknikarar. Kurset skal etter planen stå klar hausten 2027.
Om du tar utdanning som apotekteknikar i dag finst det per dags dato ikkje noko utdanningstilbod for vidare spesialisering. Det ønskjer Fagskolen Diakonova å få ei endring på. Saman med private apotek og sentrale aktørar innanfor spesialisthelsetenesta begynte dei i 2024 eit arbeid med å søkje om middel til å etablere eit toårig sekstipoengskurs for vidareutdanning av apotekteknikarar.
- Då vi fekk midla, sette vi saman ei prosjektgruppe som skal jobbe med innhaldet i kurset. Vi har hatt ei fysisk samling allereie der vi jobba med å utvikle studieplanen, fortel prosjektleiar/fagleg ansvarleg i Fagskolen Diakonova, Tove Kittelsrud.
Om Fagskolen Diakonova
Diakonova er ein ideell fagskule som tilbyr utdanningar innan helse, leiing, logistikk, rekneskap/økonomi og mesterutdanning.
Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning og ligg på nivået over vidaregåande opplæring.
Tilpassa sjukehusapotek
Med i denne prosjektgruppa er det representantar frå tre kjedeapotek og tre sjukehusapotek. Frå Sjukehusapoteka Vest er det apotekteknikar Silje Beuster, som jobbar ved sjukehusekspedisjonen i Bergen. Ho ga Tove ei full omvising på Sjukehusapoteket i Bergen for å gje eit innblikk i arbeidskvardagen.
- Eg inviterteTove fordi eg følte det var viktig at ho fekk sjå eit sjukehusapotek frå innsida. Slik at ho kunne sjå kor forskjellig vi er samanlikna med private apotek. Vi apotekteknikarar har mykje større ansvar på eit sjukehusapotek enn i kjedeapoteka. Det er litt viktig for meg at vi i prosjektgruppa pratar om desse tinga.
Prosjektgruppa vil ha fokus på fagområde frå både private apotek og sjukehusapotek, jobba no med å setje opp eigne modular innan logistikk og produksjon
- Målet vårt er at apotekteknikarane skal få eit kompetanseløft. Vi ser at det er noko som er felles, men så er det veldig mykje som er ulikt. Så derfor må vi ha ei spesialisering med noko dei kan bli skikkeleg dyktige på. Eg ser at dette kjem til å bli ein større jobb fordi det er to så forskjellige grupper, seier Tove.
- Viktig for rekrutteringa til yrket
Kurset som no skal setjast saman blir det første offentleg tilgjengelege etterutdanningskurset for apotekteknikarar i Noreg. Silje trur eit slikt kurs kan bli viktig for rekrutteringa til apotekteknikaryrket.
- Er du utdanna apotekteknikar i dag er det liksom punktum, ferdig. No vil du få noko å strekke deg etter Det å vite at ein i kan spesialisere seg trur eg vil gjere at mange fleire vil velje apotekteknikaryrket i framtida, seier Silje.
Tove understreker at det er fleire oppsider ved eit slikt utdanningstilbod.
- Vi veit jo at det å kunne utvikle seg og ta studiar er kjempeviktig for motivasjonen og for å stå lenger i jobb. Det gjer noko med den mentale helsa å kunne utfordre seg sjølv og strekke seg litt. Så det å ha moglegheita til vidareutdanning er kjempeviktig, både for arbeidsgjevar og den enkelte medarbeidar.
Mål om hausten 2027
Tove seier dei kjem til å tilby 20 studieplassar på utdanninga og at kurset vil gå over to år.
- Det blir 20 studieplassar og ikkje noko særleg meir enn det. Så håpar vi jo at dette blir noko som kan rulle og gå og at vi får nok søkjarar til det.
- Kurset blir eit deltidskurs som vil gå over to år og gi 60 studiepoeng. Vi vil leggje til rette for ein kan vere i full jobb, så mykje av utdanninga vil skje digitalt. Så kan det nok vere at det blir nokre fysiske samlingar, men vi vil leggje til rette for fleksibilitet, seier Tove.
Prosjektgruppa skal bruke vinteren og våren til å lande studieplanen. Deretter venter ein litt langdryg akkrediteringsprosess.
- Hausten 2027 er det mest realistiske estimatet mitt på kor tid kurset blir klart. Før den tid skal vi gjennom ein del godkjenningsprosessar, og så skal det inn i våre læringsportalar og utdanningsavdelinga. Og så skal ein jo ut og tilsette lærarar som har den riktige kompetansen.