Sjukehusapoteket i Stavanger på flyttefot
Etter mange år på Våland har Sjukehusapoteket i Stavanger starta flyttinga til Nye Stavanger universitetssjukehuset på Ullandhaug. Først ut var produksjonsavdelinga, som måndag 3. november starta med å lage legemiddel i nye, moderne lokale.
Publisert 08.11.2025

– Det kjennest både stort og litt uverkeleg. Vi har førebu oss lenge, men no skjer det faktisk. Eg er skikkeleg stolt av medarbeidarane, seier avdelingsleiar Lise Katri Andersen.
To sjukehus – og to apotek
Når første del av det nye universitetssjukehuset opnar på Ullandhaug, blir sjukehuset delt i to: ein ny del på Ullandhaug og ein del som blir verande på Våland.
Samstundes flyttar heile Sjukehusapoteket i Stavanger til Ullandhaug, medan Sjukehusapoteka Vest etablerer eit nytt apotek på den gamle sjukehustomta: Sjukehusapoteket Våland.
Flyttinga av produksjonsavdelinga markerer ein viktig milestolpe Her blir det årleg produsert nær 50 000 legemiddelkurer til pasientar.
Ny kvardag med ny logistikk
Sjølv om produksjonen no skjer på Ullandhaug, skal mange av kurene framleis leverast til sjukehuset på Våland.
– Mange av pasientane våre er framleis på Våland, så vi får ein heilt ny logistikk-kvardag. No må alt sorterast, pakkast og transporterast mellom bygga. Vi kjem til å sende cytostatika (cellegift) ned til Våland omtrent kvar halvtime, seier Lise.
– Det må gå raskt, for pasientane skal ha behandling til faste tider. Vi må sikre at alt kjem fram i rett rekkjefølgje og til rett tid. Det blir ein ny rytme for oss, men vi er godt førebudde.
Samhald og innsatsvilje
Flyttinga har vore grundig planlagt og krevjande. Alt frå temperaturfølsame legemiddel til rapportering til Direktoratet for medisinske produkt (DMP) har blitt koordinert.
Samtidig har mykje vore avhengig av framdrifta i det store sjukehusprosjektet.
– Vi har måtte vere tålmodige og fleksible. Mange ting har endra seg undervegs, men alle har stilt opp. Eg blir rørt av kor godt folk tek vare på kvarandre, seier Lise.
Ho fortel om små, fine augeblikk i ein travel kvardag, som ein kollega som legg ein sjokolade i lomma hennar, eller latter i gangane.
– No skjer det verkeleg
Farmasøyt Tuva Torblå Augedal har vore sentral i flytteprosessen. Ho har vore med på å pakke, koordinere og sjekke at alt er klart til oppstart.
– Dei siste dagane har det vore fullt trykk Vi har gått gjennom sjekklister og sørgd for at alt er på plass.
Tuva ser fram til nye fasilitetar og rutinar:
– Vi får større sluser til å kle oss om, fleire isolatorar og samla produksjon. Det gjer arbeidet tryggare og meir effektivt. Det er òg inspirerande å få høve til å tenkje nytt og finne betre løysingar.
Tap av nærleik – men styrka fellesskap
Tidlegare har produksjon av cellegift skjedd i eit rom midt i kreftpoliklinikken på Våland. Der har farmasøytane hatt tett kontakt med sjukepleiarar og anna helsepersonell.
– Den nærleiken kjem vi til å sakne. Vi hadde eit lite «akvarium» der dei kunne sjå inn til oss medan vi jobba. Det skapte ein naturleg dialog og godt samarbeid, seier Tuva.
Også i sterilproduksjonen, som låg i sjølve apoteket på Våland, har det vore tett samarbeid og god flyt.
– Vi kjem til å sakne den fysiske nærleiken, men får til gjengjeld eit samla og moderne arbeidsmiljø på Ullandhaug. Det trur vi vil styrke samarbeidet vidare, seier Lise og Tuva.
Eit nytt kapittel
Måndag 3. november stod Lise og assisterande avdelingsleiar Sina Time klare med raud løpar, ballongar, flagg og smoothie-shots for å ønskje kollegaene velkomne.
Litt seinare på dagen var den første legemiddelkuren produsert – og eit nytt kapittel i apoteket si historie var i gang.